Kyrkjerådet har no sendt saka om ny kyrkjeleg organisering ut på på brei høyring. No blir framtida si kyrkje forma - Lat dykkar stemmer bli høyrde i denne høyringsprosessen!
Müller-Nilsen-utvalet sin rapport: Samhandling i en selvstendig folkekirke - ny kirkeligorganisering
Det er utarbeidd eit høyringsnotat - som er eit samandrag av rapporten.
Til sist er det Kyrkjemøtet, kyrkja sitt øvste demokratiske mynde, som gjer endeleg vedtak i saka.
Møre biskop, Møre bispedømeråd og Kyrkjeverjelaget i Møre samarbeider om heile høyringsprosessen, og vil leggje til rette for informasjon og samtalar. Både kyrkjelege instansar, kommunar og andre samfunnsinstiutusjonar skal høyrast.
Informasjonsbrev til tilsette i Møre bispedømmeråd
Handsamingsplan Møre for høyringsprosess i samband med sak om ny kyrkjeordning
KYRKJELEGE INSTANSAR
Last ned høyringsnotat her:
Høyringsfrist for kyrkjelege instansar er 1. desember 2021.
OFFENTLEGE INSTANSAR
Kyrkjerådet sender også Müller-Nilssen-utvalet si utgreiing om ny kyrkjeleg organisering på høyring til kommunar og andre offentlege instansar.
- Last ned: Høyringsbrev til offentlege instansar
- Last ned: Høyringsnotat til offentlege instansar
Høyringsfrist for kommunane er 15. oktober 2021.
Alle kan gi høyringsuttale: Sokneråd, kyrkjelege fellesråd, kommunar, tilsette i kyrkja, privatpersonar, organisasjonar og andre som ønskjer å gi uttale kan bruke dette elektroniske svarskjemaet. Høyringsuttalar er offentlege og vil bli publisert på kyrkja.no
kirken.no/kirkeligorganisering Presentasjonsvideo frå kyrkjerådet