Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Midlar til utviklingsprosjekt

Kyrkjerådet lyser igjen ut midlar til utviklingsprosjekt i ramma av trusopplæringsreforma i Den norske kyrkja.

Organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø er invitert til å søke prosjekt i lys av reformens målsettingar og utfordringar.

Det kan søkas om støtte til prosjekt i følgande tre kategoriar:

1. Forsking og fagutvikling. Inntil kr.500 000 i inntil tre år.

2. Formidlingsressursar. Inntil kr.300 000 i inntil to år.

3. Lokale utviklingsprosjekt. Inntil kr.300 000 i inntil to år.

- Dette er ei open utlysning, innafor ramma av trusopplæringsreforma, seier Kristine Aksøy, leiar for seksjon barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet. Plan for trusopplæringa «Gud gir -vi deler» (lenke under) ligg til grunn for denne utlysninga. Målet med trusopplæringa er å bidra til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som fremmer kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud, bidreg til livstolkning og livsmeistring, utfordrar til engasjement og deltaking i kyrke og samfunnsliv for alle døypte i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne.

-Det blir gitt støtte til eitt, - to-eller treåring prosjekt. – Det er verdfullt at organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø bidreg med si kompeanse til fortsatt fornying av kyrkja si trusopplæring.

Utviklingsmidla skal bidra til at

  • barn og unge gjennom dåp og opplæring kan leve og vokse i den kristne trua
  • tilsette og frivillige i kyrkjelydane får økt kompetanse til å tilby ei trusopplæring for alle
  • trusopplæringsreforma blir vidareutvikla i Den norske kyrkja - lokalt, regionalt og nasjonalt

Søknadsfrist er 3.juli 2018 kl 12.00. Dei prosjekta som blir innvilga blir kunngjort innan 20.september 2018.

Meir informasjon om utlysning og elektronisk søknadsskjema ligg her:

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00