Gudstenesta tirsdag er ein del av programmet for kvinneprestnettverket i Bjørgvin si samling. Dei inviterer alle intersserte til å vera med på gudstenesta der biskopen preikar.
Høyr biskopen på to gudstenester i Bergen
Denne veka kan du høyre biskop Ragnhild på to gudstenester i Bergen. Tirsdag kl. 17.00 er det open gudsteneste i Johanneskirken i samband med samling i kvinneprestane sitt nettverk, og torsdag kl. 19.00 er det regnbogemesse i Bergen domkirke.

Ragnhild Jepsen blir med på gudstenester både i Johanneskirken og Bergen domkirke denne veka. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.
Torsdag 6.juni kl. 19.00 er det regnbogemesse i eit samarbeid mellom Kirkens bymisjon, Kirken på pride, Bergen domkirke menighet, Skeivt kristent nettverk og KFUK-KFUM Bjørgvin.
Også her blir det preike av biskop Ragnhild.
Det blir gudsteneste med bøn, salmer/lovsong og nattverd. Koret Sapfoina deltek.