Hovudregelen i Open kyrkje er at det ikkje er noko program. Frivillige kyrkjevertar er til stades, og nokre gonger prest. Målet er at kyrkja skal vera meir tilgjengeleg for alle som kjem innom spontant eller planlagt.
I Open kyrkje kan alle som ønskjer det, koma innom og tenna lys, be eller oppleva det vakre kyrkjerommet. Det er utarbeidd enkle bøner (tidebøner) som kan lesast som veksellesing dersom ein ønskjer det.
Dei siste åra har det med ujamne mellomrom vore tilbod om Open kyrkje i Arna, og erfaringane har vore gode. Mange kyrkjer har hatt eit slikt tilbod lenge, og fleire i Arna har også etterspurt dette. Frå august 2022 til haustferien 2023 var det Open kyrkje fast både onsdag på kveldstid og torsdag på dagtid.
Endra opningstid
Det viste seg krevjande å få nok frivillige til å dekka inn vaktene, og opningstida er difor endra til kun torsdagar kl. 11-13. I tillegg vert det Open kyrkje i samband med spesielle dagar eller anledningar.
Prest vil vera til stades nokre torsdagar. Ein kan også gjera avtale om samtale med prest på andre tidspunkt.
Bli frivillig?
Frivillige deltar som kyrkjevertar. Det er behov for fleire, så ta gjerne kontakt om du kan tenkjar deg å bidra. Opplæring vil bli gitt.
Kontaktpersonar:
Frivillig medarbeidar Kari Secher, epost: karisecher@gmail.com
Prest Gina Marie Reisæter-Thu, epost: gr693@kirken.no