Søndagstankar på fastelavn

Sokneprest Kristin er på tur og har funne seg eit fint utkikkspunkt der ho deler nokre tankar ved inngangen til fasten. Klikk deg inn i saka og sjå ein liten video på 5 min. Dette er inga preike, men tankar omkring søndagens tekst frå Joh 12, 20-33. Du finn også ei fin bøn for denne veka frå Kirkens Nødhjelp.

Søndagstankar på fastelavn

Sjå videohelsinga på fastelavnsøndag frå sokneprest Kristin her.

Preiketeksten for dagen, som Kristin omtaler i videoen, står i Evangeliet etter Johannes, kapittel 12, vers 20-33:

Det var nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.

No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»

Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld. No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut. Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.» Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.

(Frå Bibel 2011, Bibelselskapet)

Her er regnbogebøna frå Kirkens nødhjelp for den første veka som markerer inngangen til fastetida. Den kan du be der du er - og gjerne tenna eit raudt lys om du har.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"