Meir om dåpen

I Den norske kyrkja vert dei fleste døypt som spedborn, ofte i løpet av dei fyrste tre månadane. Det er inga aldersgrense for dåp, og konfirmasjonstida fører kvart år til at mange unge ynskjer dåp. Ved dåpen vert ein medlem i Den norske kyrkja. Dåpen er det eneste kriteriet for medlemskap i kyrkja.

Meir om dåpen

KVEN KAN VERTE DØYPT?

Etterfølgarane (læresveinane) til Jesus fekk i oppdrag å døype og undervise om Guds gode vilje med menneska sine liv. Siden vår kyrkje døyper born, er det viktig at barnet får opplæring i kristen tru. Ved dåpen seier presten mellom anna dette til foreldre og faddarar: 

Sammen med vår kyrkjelyd og heile den verdsvide kyrkja har de fått del i eit heilag ansvar:

  • å vise omsorg for henne/ham/dem,
  • be for henne/ham/dem,
  • lære henne/ham/dem selv å be og
  • hjelpe henne/ham/dem til å bruke Guds ord og delta i den hellige nattverd,

så hun/han/de kan leve og vokse i den kristne tro.

De kan difor vere lurt å ha ein tanke om kven ein veljer til faddarar. Kven i familiens omgangskrins passar til ei slik oppgåve? Kven kan ta i vare å hjelpa de foreldre til å gje bornet ei kristentru?

Som ein del av kyrkjelydens ansvar (ref. "Saman med vår kyrkjelyd...") har kyrkjelyden tilbod om trusopplæring for alle døypte. 

 

DÅPSSAMTALE

Etter at ein har gjort avtale om dåp i kyrkja tek presten kontakt for å avtale ei samtale. Dette kan anten skje saman med den einskilde familie eller ved ei fellessamling med andre som skal ha dåp. Her går ein gjennom kva dåp er, kva ein lovar ved døypefonten, foreldre og fadrar si oppgåve knytt til dåpsopplæring, kyrkjelyden sitt tilbod til dåpsopplæringa og praktiske opplysningar knytt til gudstenesta og dåpshandlinga.

Tenk gjerne gjennom kva de ynskjer å ta opp i dåpssamtalen. Ynskjer de ei spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstane frå Bibelen? Kva reglar gjeld i kyrkja for filming og fotografering?

 

Å VERE FADDAR

Faddarane skal vere vitne om at bornet er døypt med ein den kristne dåpen. Dei lovar òg å be for bornet og lære bornet å be. Dessuten skal faddarane hjelpe bornet til å bli kjent med bibelforteljingane og oppmuntra dei til å gå til nattverd.

Kvar born som vert døypt, skal ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlemar av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Foreldrene kan ikkje vere fadrar, men har del i den same oppgåva. Presten har ansvar for å se til at fadrane oppfyller desse krava. Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka.

Det inneber ingen sivilrettsleg forplikting å vere faddar, som til dømes å skulle ta over omsutansvar for bornet om foreldra døyr. Dette er ein gamal tankegang som framleis har fotfeste mange stadar. Likefullt er det ikkje ein tanke utan eit opphav. For i dåpen tek fadrane på seg eit heilagt ansvar ved å love å gje omsut til bornet. For utan omsut, handlar faddaransvaret om å gje bornet trusopplæring.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"