Kyrkjelydens nye sokneprest er på plass

Særs mykje skjer i kyrkjelyden. Faktisk så mykje at ein ikkje rekk å få plass nyhende frå ting som har skjedd, og heller må prioritere det som skal skje i ein travel kyrkjekvardag. Ein av dei nye hendingane er at kyrkjeldyden har fått på plass ny sokneprest. Etter at kallet og stillinga fyrst var lyst ut i desember 2023, på nytt lyst ut våren 2024 og sida påske har stått vakant, har Roar Moen (43) kome på plass.

Kyrkjelydens nye sokneprest er på plass

Han kjem frå Loddefjord menighet der han har arbeidd som dagleg leiar for kyrkjelyden og mellom anna leia soknerådets strategiutvikling dei siste par åra. - Det var ikkje berre Arna som valde meg, eg har òg vald Arna. Eg søkte spesifikt til Arna av di eg veit det har vore eit langsiktig og godt strategi- og utviklingsarbeid her i kyrkjelyden. Eg vil jobbe i ein kyrkjelyd  som vil noko, arbeide strategisk, sjå dei lange linene og samtidig torer å tilpassa seg omgjevnadane, men stå stødig forankra i trua, vedkjenninga og forkynninga. Det later til at Arna kyrkjelyd og eg kan vere ein god "match" og no har me nett forlova oss, seier Moen.

Den nye soknepresten har brei bakgrunn både frå kyrkja der han mellom anna har arbeidd som kyrkjesongar, kyrkjetenar, ungdomsdiakon i yngre dagar, og dei siste ti åra administrativt som prosjektleiar og dagleg leiar. han kjenner såleis kyrkja organisatorisk godt både nasjonalt, regionalt og lokalt i Bergen og har eit breitt kyrkjeleg nettverk. Han har mellom utdanning som ambulansearbeidar og statsvitar før han vart teolog, i tillegg har han óg arbeidd som politibetent. Han er altså god røynsle frå handtere det uføreseielege og å møte menneske i kriser og på sitt meist sårbare.

Moen er oppvaksen i det han sjølv  kallar ein "allmennreligiøs livsrite-familie". Han vart teke med til søndagsskule frå femårsaldar og "eg slutta aldri" som han seier. Eg fann mi tilhøyrsle i det truande fellesskapet - heilt uavhengig av alder og målgruppe. Men, eitt var naudsynt; at eg vart sett og sett i teneste. "Eg fekk utfordre meg i stadig nye oppgåver og vart undervist og drege inn i truas mysterium av prestane eg omgjekk", legg Moen til. Den nye soknepresten fortel at han alltid har hatt "ein prest i magen", men at det ikkje var før han hadde to store kallsopplevingar frå Gud våren 2019 at han heiv seg rundt og studerte ferdig til teolog i 2024. "Ingen som kjenner meg vil vere forundra over at eg vart prest. Det låg der allereie frå før konfirmasjonsalder. Eg heldt jolegudstenester for familie i stova på jolaftan. Eg kledde gjerne på meg ein svart søppelsekk og klypte ut en pipekrage til å ha om halsen, så las eg joleevangeliet frå den svarte Jøtul-vedomnen som stod midt i stova - den fungerte som preikestol. Gjennom eit slags skodespel fekk eg høve til å forkynne i familien."

Soknepresten fortel at han bur på Hamre på Osterøy og ertar litt med å sei at han kjem frå det gamle hovudsoknet, vel vitande om at han berre er ein innflyttar frå Bamble i Telemark. Han bur saman med sine to born; ein gut på tolv og ei jente på tretten år frå tidlegare samliv, og er no forlova med Benedikte. - Det ligg ei lang og krevjande periode bak meg i livet der eg sjølv har fått kjenne kva livet kan bringe med seg og korleis den kan bryne seg mot trua. Samstundes kunne eg få kjenne at det var trua som bar meg gjennom livet. Men no går det berre oppover og framover, smiler den nye soknepresten.

Moen byrja i stillinga 1. september, og vart ordinert til prest sundag 15. september. 
Me ynskjer til lukke og Guds rike signing over tenesta!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"