Helsingar til biskop Halvor

Det offentlege Noreg, representert ved bl.a. stasråd, statforvaltar og fylkesordførar, retta varm takk biskop Halvor Nordhaug på avskilsdagen hans, saman med representantar for dei tilsette. Her kan du lesa helsingane.

Biskopen fekk av Jan Sverre Stray utdelt sin eigen Johan Nordahl Brun pris med teksten: I Johan Nordahl Bruns velkjente stil, fikk Halvor Nordhaug det til, med sin egen profil.

Medan preses Olav Fykse Tveit fekk koma med si helsing i festgudstenesta, var det plass til fleire andre helsingar på ein lunsj for inviterte gjester, bl.a. leiarane av fellesråda i bispedømet, det offentlege, representantar for dei tilsette og samarbeidspartnarar, familie og vener.  Du finn manus for helsingane nedst i denne saka.

Statsråden

Barne- og familieminister Kjersti Toppe minna om at sjølv om det ikkje lenger er staten som utnemner biskopar, tilhøyrer Halvor Nordhaug den generasjonen som blei utnemnd av Kongen i statsråd. På vegner av regjeringa takka ho difor Nordhaug for teneste som biskop i Bjørgvin. – Du har vore engasjert og tydeleg og klar på at tvil ikkje er til hinder for tru. At Guds nåde og fellesskapen med Faderen, Sonen og Den Heilage Ande er der for alle som vil ta imot, sa statsråden.

Statsforvaltaren

Statforvaltar Liv Signe Navarsete starta helsinga si med å takka. – Takk for at du har vore ein biskop som har vore til stades i Bjørgvin bispedømme sine sokn og tolka Bibelen sin bodskap til prostar, prestar og sokneborna. Takk for at du har sett, høyrt på og samtala med menneske i ulike fasar av livet. Takk for at du har medverka til ei open og inkluderande folkekyrkje med takhøgde og takk for at du har medverka til meir himmel på jord.

Me lever i ei uroleg tid med mange og raske endringar. Mange kjenner på uro for framtida til seg sjølve, til barn og barnebarn. I slike tider treng me faste haldepunkt. Håp, tru på framtida og på at det gode skal sigra. Kyrkja si tolking av Bibelen er for mange eit slikt haldepunkt. Du har som biskop vore ein omsetjar, tolkar og formidlar av bodskapen, både direkte og gjennom di rettleiing av tilsette i Bjørgvin sa Navarsete.

Fylkesordføraren

Fylkesordførar Jon Askeland kjenner biskopen bl.a. frå si tid som ordførar i Radøy. – Eg såg då ein biskop som er opptatt av innbyggjarane i kommunen. Du har også vore ei tydeleg stemme i samfunndebatten, og balansert klokt i tidvis krevande debattar.

Fylkesordføraren takka også for forbøn for det nye Vestland fylke i kyrkjene i januar 2020, der det vart bede om visdom og signing over alle som bur her.

Andre helsingar

Det kom også helsingar frå leiar av stiftsstyret i presteforeininga, Jørgen Knudsen og kyrkjeverjelaget i Bjørgvin ved kyrkjeverje i Bergen, Mette Svanes.  Ho la vekt på at biskopen har kome tett på folk i heile bispedømet. – Denne nærheten som du har skapt til folk betyr igjen at du har hatt hele bispedømmet med deg når du så overbevisende har stått frem i media og i offentlige møter og på ulike arenaer med en klar og tydelig kirkelig stemme. Folk har følt seg delaktig i det du har utrettet, sa Svanes.

Jørn Henning Theis representerte både Haraldsplass Diakonale Stiftelse og Sjømannskyrkja.

Besøk frå fortida

Overraskande var besøket av biskop Johan Nordahl Brun, framstilt av Jan Sverre Stray. Biskopen fekk sin eigen «Johan Nordahl Brun-pris» og ein song til melodien av «Nystemten».

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"