Ei av desse tre blir ny biskop i Bjørgvin

Etter ei rådgjevande røysting i Bjørgvin bispedøme går Kjersti Gautestad Norheim, Ragnhild Jepsen og Sunniva Gylver vidare til neste runde i bispetilsetjinga. Ny biskop vert tilsett av Kyrkjerådet 9.–10. februar.

Tre kandidatar til å verte biskop i Bjørgvin: Kjersti Gautestad Norheim (foto Gyrid Cecilie Nygaard), Ragnhild Jepsen (foto privat) og Sunniva Gylver (foto Harald Bø).

Halvor Nordhaug gjekk av som biskop i Bjørgvin bispedøme frå 1. desember 2022. Den 6. desember vart seks kandidatar til å overta som biskop presenterte.

Etter den rådgjevande røystinga står følgjande kandidatar igjen:

Gudmund Waaler, Stephanie Dietrich og Nils Terje Lunde var også nominert, men dei fekk ikkje tilstrekkeleg oppslutning i røystinga til å vere med i den vidare prosessen.

Desse deltok i røystinga

Den rådgjevande røystinga er ein del av prosessen med å tilsetje ny biskop. Til saman har 353 røysteføre instansar og tilsette sett opp inntil tre namn i prioritert rekkefølgje. 45 røyster hadde eitt eller to namn. Dette gjev oppslutning på 70 %.

Dei røysteføre er: Sokneråd i Bjørgvin, ungdomsrådet, vigsla kyrkjeleg tilsette i bispedømet. I tillegg har desse røysterett: Prostar i andre bispedøme, ungdomsrepresentantar til Kyrkjemøtet og representantar frå teologiske utdanningsinstitusjonar.

Røysteperioden var frå 5. desember til 5. januar.

Dette er resultatet

Vekting av røystene med utgangspunkt i fordeling av 100 «poeng», gir dette resultatet:

Kjersti Gautestad Norheim                 23,84 %

Ragnhild Jepsen                                21,83 %

Sunniva Gylver                                  21,57 %

Gudmund Waaler                               15,40 %

Stephanie Dietrich                             10,09 %

Nils Terje Lunde                                 7,28 %

Last ned fullstendig oversikt over røystene her.

Førsterøyster har vekting lik 1, andrerøyster lik 2/3 og tredjerøyster lik 1/3. For å sikre lokal innverknad i prosessen tel røyster frå sokneråd og ungdomsrådet 1/3, prestar og andre i vigsla stillingar i bispedømet 1/3 og nasjonale stemmer tel 1/3.

Vidare prosess

I neste runde skal bispedømerådet i Bjørgvin gje si tilråding, og biskopane vil gje tilråding med grunngjeving til Kyrkjerådet. Dette vil verte offentleggjort 20. januar. Etter dette vil dei tre kandidatane verte intervjua av Kyrkjerådet sitt arbeidsutval.

Det er Kyrkjerådet som tilset ny biskop, ut i frå ei heilskapleg vurdering. Den rådgjevande røystinga, bispedømerådet si tilråding, biskopane sine tilrådingar og individuelle intervju med kandidatane dannar til saman grunnlaget for vedtaket til Kyrkjerådet.

Kyrkjerådet vedtek tilsetjing av ny biskop i Bjørgvin på sitt møte i Bergen, 9.–10. februar 2023.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"