«Juleallsong på bygda»
Song kan bygga bruer mellom menneske og generasjonar! Me, som jobbar med babysong i Fana og Ytrebygda kyrkje, ynskjer å invitera alle til å delta på den siste babysongsamlinga vår før jul,- Generasjonssong! Og når me inviterar alle, så meiner me deg som likar å synge, som ynskjer å kome i førjulstemning, som er pensjonist, som vil ha ein pause i ein travel kvardag, som vil ete lunsj saman med oss, som er baby, som er ungdom eller deg som berre treng ein kaffikopp!
Saman syng me oss inn mot adventstida. Songstunda startar klokka 12.00 og varer omlag 40 minuttar. Etterpå ynskjer me å invitera til lunsj på kyrkjetorget. Me avsluttar klokka 14.00. Håpar du blir med!
Juleallsong på bygda vert leia av Kari Lie Totland og Ragnhild Grov Nilsen. Dei har med seg Julie Hyerin Aune som solist, Eiliv Olsen på klarinett, Daniel Tang Gundersen på flygel og Ann Kristin Hovland som dekker lunsjbordet til oss.
Påmelding
Etter songstunda ynskjer me å invitera alle til lunsj. Difor treng me at du melder deg på ved å klikke her:
PÅMELDING (Påmeldingsfrist 26.11)
Ynskjer du å gi ei gåve?
Arrangementet er gratis, men har du lyst til å gi ei gåve til Barne og ungdomsarbeidet i Fana Sokn via vipps, så seier me TUSEN TAKK! Gåva vil bli brukt til å laga liknande arrangment i framtida!
Vippsnummer #10201: "Gave barne- og ungdomsarbeid"
"Juleallsong på bygda" er eit prosjekt leia av Kari Lie Totland og Ragnhild Grov Nilsen. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Hjarteleg velkomne!
Arrangementet er støtta av Ytrebygda kyrkjelag.