Landås menighet får flygel!

Landås menighet får flygel! Men vi treng di hjelp. Difor inviterer vi deg til å vere med å sponse flygelet.

Landås menighet får flygel!

Vi har to kontinuerlege innsamlingar:

  1. Kjøp-ein-tangent-aksjonen

Kjøp ein «tangent» og ver med å sponse flygelet i Landås kirke!
VIPPS 1000,- pr. tangent til #70561 «Flygel-innsamling» eller bruk kontonummer 5082.06.79900 (DNB Nor)

Vi inviterer deg til å bli «medeigar» i flygelet ved å kjøpe ein eller fleire «tangentar»! Dette vil vere ein viktig del av finansieringa, og vi håper mange vil bidra!

Merk med namn dersom du ønskjer å ha namnet ditt på “tangentplakaten” i våpenhuset.

  1. Valfritt beløp

Om du ønskjer å gi eit mindre eller større beløp enn det «tangenten» er verd, er det sjølvsagt hjarteleg motteke. VIPPS #70561 «Flygel-innsamling» eller bruk kontonummer 5082.06.79900 (DNB Nor)

Vi takkar på førehand for alle bidrag og håper vi snart kan få nyte flygeltonar i kyrkja vår! Følg med på oppslagstavla i kyrkja for status på innsamlinga!

Målsettinga er at vi kan samle inn 100 000 kroner før 17.mai.

I Landås menighet er vi opptekne av variasjon i det musikalske uttrykket, og nytter piano nesten like mykje som orgel i gudstenesta. Det er også ofte stryke- og blåseinstrument med på gudstenester, bryllaup og gravferd, med piano som akkompagnementsinstrument. 

Det er eit variert borne- og familiearbeid i kyrkja. Kvar måndag er det Åpen barnehage, middagsservering til born og familiar, og i tillegg har vi tre bornekor for ulike aldersgrupper. I løpet av dagen er det i snitt 150 personar innom på dei ulike arrangementa. Bornekora deltek på den månadlege familiegudstenesta, særskild lagt til rette for born. I tillegg er kyrkja i aukande grad populær for eksterne konsertar. 

Vi meiner at eit flygel høyrer med i ein moderne menighet med eit så aktivt indre og ytre liv som Landås menighet. Vi trur eit flygel vil heve det musikalske og frivillige livet i kyrkja, i tillegg til at kyrkja vil bli meir attraktiv for konsertverksemd frå eksterne musikere og ensembler.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"