Høgt frå den himmelske klåra

Ein salme av Anders Hovden, med melodi av Johan H. Grimstad

Høgt frå den himmelske klåra

Bilete: Stormsjø med båt, nedlasta frå https://wallpapersafari.com/w/9JIQFG.

Høgt_frå_den_himmelske_klåra-1.svg

Høgt frå den himmelske klåra
Faderens auga kan sjå
både din smil og di tåra,
hjarta, kvi ottast du då?

Græt du, han turkar di tåra,
klagar du, lyder han på,
lækjer for alt som kan såra,
hjarta, kvi ottast du då?

Om deg eit stormver vil herja,
fiendehærar deg nå,
vara han vil deg, og verja,
hjarta, kvi ottast du då?

Lyt du enn lengta og stunda
kruna og kransen å nå,
søtt i hans fang skal du blunda.
hjarta, kvi ottast du då?

Der finst litt forskjellige variantar av teksten. Sjå også Norsk salmebok 2013 nr 487.

Høyr songen framført på Youtube med koret Con Moto.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"