Ukens salme: Den signede dag som vi nu ser

Bli med på ein vandring gjennom salmehistorien! Her er salmen som Grundtvig sa opp prestestillinga si for - og som etter legenden er skriven av apostelen Johannes i himmelen.

"Den Signede dag som wij nu see", slik melodien er notert i Noregs eldste koralbok, LW 1664.

Den signede dag, som vi nu ser NoS 229


T N.F.S. Grundtvig 1826, etter ei dagvise frå 1400-talet
M C.E.F. Weyse 1826

1 Den signede dag, som vi nu ser
med blide til oss oppkomme,
den lyse på himlen mer og mer
oss alle til lyst og fromme.
Det kjennes på oss som lysets barn
at natten den nå er omme!

2 Den signede stund, den midnattstid
da Frelseren lot seg føde,
da klarnet det opp i østerlid
til deiligste morgenrøde;
da solen opprant, så mild og blid,
som vekker oss opp av døde.

3 Om levende ble hvert tre i skog,
og var så hvert blad en tunge,
Guds nåde de kunne aldri dog
med høvelig røst lovsjunge.
For evig nu skinner livets lys
for gamle som òg for unge.

4 Så takker vi Gud, vår kjære Far,
som fuglen i morgenrøde,
for dagen som lyset til oss bar,
for livet han gav av døde,
for alt på vår mark i tusen år
som grodde til sjeleføde!

5 Nu saktelig skrid, du pinsedag,
med stråler i krans om tinder!
Hver time til Herrens velbehag
som bekken i engen rinner,
til frydelig de til sist seg snor
inn under de grønne linder!

6 Som gull er en tidlig morgenstund
når dagen står opp av døde.
Dog kysser oss òg med gull i munn
den deilige aftenrøde.
Så tindrer på ny de matte blikk,
og bleknede kinn må gløde.

7 Så reiser vi til vårt fedreland
der ligger ei dag i dvale,
der står det en borg så prud og grann
med gammen i gyldne sale,
hvor frydelig vi til evig tid
med venner i lys skal tale.

 

Dette er ein salme med mykje historie! Gundtvig sin tekst – som står i salmeboka, og som du kan lese like over her – er ein fri gjendiktning av ein dagvise (morgonsong) som iallfall går tilbake til 1400-talet. Den skal ha blitt brukt når det lysna av dag etter vakegudsteneste på julenatta. Kven som har skrive teksten til dagvisen kjenner me ikkje til – jf. tradisjonen skal den ha voren skriven av apostelen Johannes i himmelen!

Grundtvig, som var prest i Vår Frues kirke i København, dikta om salmen til ei festgudsteneste ved 1000-årsfeiringa av kristendommen i Danmark. Men han fekk ikkje bruke den. Den var for ny, var ikkje autorisert. Grundtvig ba om avskjed frå stillinga si.

Det finst nok element frå den gamle dagvisa i omdiktinga til Grundtvig, men om du kikkar i den gamle teksten under, kan du sjå at den er godt forandra. Slik står salmen i Thomissøns salmebok frå 1569:

 

Faksimile av Thomissøn, s. 1
Faksimile av Thomissøn, s. 2

Den gamle Christelige Dagevise

1 Den signede dag som wi nu see
Ned til oss aff Himmelen komme
Gud liuser for oss io lenger oc meer
Oss alle til glæde oc fromme
Gud lade oss icke skee i dag
Huercken last skam eller vaande.

2 Den signede dag den signede tid
Vor Herre hans fødsels time
Da kom der Liuss aff Himmelen ned
Saa viit offuer Verden at skinne
Det liuser for oss euindelig
Nu oc foruden all ende.

3 Gud Fader Søn oc den hellig Aand
Met alle sine Engle skare
Bevare oss i dag oc allen stund
Fra alskens Dieffuelens snare
Fra all den affuind hand til oss bær
Vor Siel oc liff til fare.

4 Det Kaarss vor Herre hand bar for oss
For vore Synd oc icke for sine
Det setter ieg i dag mellem Dieffuelen oc mig
Jeg meener Guds verdige pine
Det blod der ned paa Kaarsit rand
Det slycker ud synder mine.

5 Naar alle de trær i Verden er
Løff gress oc Sand paa haffsens bonde
Haffde de maal oc kunde de tale
Oc siunge met Engle stemme
Da kunde de aldrig til fulde loffue
Jesum Mariæ Søn den rene.

6 Den lille Fuel hand fluer saa høye
Oc Værit bær under hans vinger
Det er fuld ondt met liden mact
Mod høye bierg at springe
De strømme de rinde saa frydelig
Op under de grønne Linde.

7 Dagen hand er aldrig saa lang
At afftenen maa wi io vente
Liffuit den endis met dødsens Tuang
Huem det vil rettelig betencke
Vi bliffue udi fuss oc graffuen giøris trang
Oss følger ingen anden ende.

8 Da giffue det Gud wi haffue saa tient
I Verden vel til maade
I troen at wi Guds Søn haffue kient
Saa wi miste icke Guds naade
Naar verden haffuer oss sin bag tiluent
At wi da faa evig Bade

9 Naar wi skulle til vort Fæderne Land
Oc skillies ved dette ælende:
Da befaler ieg Gud min Siel i haand
I himmerigis glæde at sende.
Gud Fader Søn oc den hellig Aand
Hand giffue vort maal god ende.

 

Grundtvig hadde jo også fått laga ny melodi – av Weyse. I dag kjenner me denne nye melodien kanskje enno betre som Gud signe vårt dyre fedreland.

Den gamle melodien, som me m.a. finn hjå Thomissøn, samt i det eldste norske koralbokmanuskriptet (som sannsynlegvis var i bruk i Nykirken i Bergen) er også bruk i Arne Brunvolls meir «originaltro» gjendikting av den gamle dagvisa. Denne står på nr. 789 i salmeboka:

 

1 No kjem han frå Gud, vår signa dag,
og morgonen gryr om lande.
Gud lyse for oss som fer i lag,
så me kan hans glede sanne.
Han vare frå synd og skam i dag
og frie oss or vår vande!

2 Den krossen vår Herre tok på seg,
for vår synd, og ikkje sine,
eg set mellom djevelen og meg,
eg meiner Guds dyre pine.
Det blodet som ned på krossen rann,
det slettar ut synder mine.

3 Sjå, småfuglen flyg så fritt og fjågt,
og sigler mot høge tindar!
Det er ikkje lett med lita makt
å klive dei bratte rindar!
Men småfuglen lyfter vengen trygt
og stig på dei sterke vindar.

4 Om dagen kan synast heller lang,
så lyt det mot kvelden stunde.
Og døden held livet under tvang,
på det skal me alle grunne!
Dei ber oss til grava ut ein gong,
eit unntak har ingen funne.

5 Gud gjeve at me han trutt har tent
i verda på rette måte,
og såleis hans Son i trua kjent
at alltid me har Guds nåde
når verda har ryggen til oss vendt.
Då æveleg fryd skal råde.

6 Når så til vårt rette fedreland
frå sorgene me skal fare,
då gjev eg mi sjel i Herrens han.
Han vil henne trufast vare.
Gud Fader, Gud Son og Anden god
sitt Amen til bøna svare!

 

Det er eit fantastisk stort, komplekst, forgreina, rikt materiale, dette her – fullt av anekdoter og menneskeskjebner. Når noko slikt som ein salme – eller ideen om ein salme, om den undervegs kan skifte både tekst og melodi – får lov å filtrerast gjennom så mange menneskeliv, og -opplevingar, og -generasjonar. Då får den liksom med seg ein heil dåm! Heile vegen frå apostelen Johannes i himmelen.

Høyr Kirsten Flagstad synge Grundtvigs omdikta dagevise - eller nydikta pinsesalme, ein gong på 1950-talet. Kirsten Flagstad var ein av dei største songarane som nokon gong har levd. Og om opptak og syngestil høyrest gamalmodig ut, så kan du gange den avstanden i tid med noko slikt som åtte og ein halv for å kome til 1400-talet.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"