I staden for å gjera som me har gjort dei siste åra, spreia timane utover heile våren og la det vera opp til talarane kva dei vil snakka om, har me i år bestemt at alle timane skal handla om dei sju breva i dei første kapitla av Johannes openberring. Dessutan har me sett dei opp tre veker etter kvarandre. Bibeltimane er framleis på onsdagar. Kvar gong er det anten ein enkel bibeltime med kaffi etter eller ein dobbel bibeltime - med ein kopp kaffi i pausen.
Program for våren 2025:
5. februar kl. 19.00 på Haugland bedehus: Op 1,9-2,11. Introduksjon. Brevet til Efesos og brevet til Smyrna.
12. februar kl. 19.00 i Ytre Arna kyrkje: Op 2,12-3,6. Breva til Pergamon, Tyatira og Sardes.
19. februar kl. 19.00 på Ytre Arna bedehus: Op 3,7-22. Breva til Filadelfia og Laodikea. Kva har desse breva å seia for oss i dag?
Bibeltimane er eit samarbeid mellom Haugland indremisjon, Ytre Arna indremisjon og Ytre Arna kyrkjelyd.