Gravferd i kyrkja
Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.
Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne anten for å gjera eige liv rikare – eller å avslutte ei historie. Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde.
Saman med båreandakten og eventuelt det å stella den døde, kan gravferda gje sørgjetida ein god start. Gravferda kan gje sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gjev dei som er med, høve til å markera gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.