KONFIRMANTAR 2026
Konfirmantpresentasjon sundag 24. august 2025 - med informasjonsmøte etterpå. Undervisninga tek til onsdag 3. september. Konfirmasjonsdagar: 26. april og 3. mai 2026. Du kan melda deg på her.
Les merKonfirmasjon i kyrkja handlar om å utforska kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Du er velkommen til konfirmasjon i kyrkja anten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig.
I Den norske kyrkja er konfirmasjonshandlinga ei forbønnshandling der vi bed Gud om å velsigna og å styrkja kvar enkelt konfirmant.
Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg. Alle konfirmantane kneler ved alterringen der presten eller konfirmantlæraren bed for den enkelte. Konfirmasjonen er ein stad der det blir understreka at alle menneske er like verdfulle i Guds auge.
Bibelen fortel at dåpen er Guds gåve til oss. Dåpen er eit synleg teikn på Guds kjærleik, og på at den døypte er ein del av kyrkja.
Ordet konfirmera tyder stadfesta eller styrkja. Tidlegare måtte kvar konfirmant svara på om ho eller han ville forsaka djevelen og tru på Jesus.
No vedkjenner konfirmantane trua gjennom at dei saman med heile kyrkjelyden seier fram truvedkjenninga.
Nokre stader er konfirmasjonen om våren, andre stader om hausten og nokre stader kan ein velja. Hjå oss i Ytre Arna plar me ha konfirmasjonsgudstenester siste sundagen i april og første sundagen i mai (med unnatak av viss 1. mai fell på ein sundag).
Rundt 1. mai sender me ut eit brev til alle døypte i rett alder som bur i soknet. Her ligg det ved eit påmeldingsskjema til konfirmantundervisninga i Ytre Arna. Viss du anten ikkje er døypt, høyrer til eit anna kyrkjesamfunn eller bur utanfor soknet, og har lyst å vera med på konfirmantundervisninga i Ytre Arna, kan du ta kontakt med sokneprest Ingvar Fløysvik, tlf. 916 06 626 eller e-post if952@kyrkja.no.
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"