Foreldre og foresette

- Eg skjønar det ikkje heilt, men guten vår voks plutseleg fem centimeter den dagen. Han retta ryggen og vart tryggare på seg sjølv, har ein konfirmantfar fortald.

Foreldre og foresette

- Då foreldra mine og tanter og onklar heldt tale til meg under konfirmasjonsmiddagen, fekk eg ein utruleg god følelse. Dei sa så mange fine ting om meg, liksom med auga sine at dei var kjempeglade i meg og stolte, seier ein tidlegere konfirmant.

Det skjer sjølvsagt ikkje noko magisk på konfirmasjonsdagen som der og då forvandlar konfirmanten til ein vaksen og sjølvstendig person – men det skjer noko fint, stort og underleg som gjer at konfirmasjonen for svært mange blir ein viktig milestolpe i livet.

Det gjer noko med ein ungdom som får vera midtpunktet ein heil dag og kanskje ei heil helg. Ingen blir verande upåverka av gode ord, varme blikk og oppriktig kjærleik frå viktige personar i eins eige liv. På denne måten er konfirmasjonen ein velgjerande og styrkjande dusj av godord frå menneske og velsigning frå Gud. Framleis er læring og formidling av kunnskap ein viktig del av konfirmasjonstida, men kunnskap aleine skaper ikkje tru og begeistring.

Kunnskapen om kven Gud er og kva Bibelen seier, blir verdfull først når han hjelper oss til å tolka verda rundt oss og livet vårt – når vi ser at trua har har å gjera med det livet vi lever. Difor snakkar vi om ”livstolking og livsmeistring”. Vi skal hjelpa dei unge til å tolke livet sitt i lys av Guds ord. Vi skal gje dei dei reiskapane dei treng for å meistra livet. Vi skal formidla ei levende tru. (Kjelde: Boken ”Liv laga”, Ingvald Andersen Frøyen, IKO-Forlaget).

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"