Konfirmant i Indre Storfjorden
Konfirmanttida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Ho er like mykje for deg som tvilar eller er nysgjerrig på trua.



Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal innom i konfirmantida: Vennskap og relasjonar. Gud, Jesus og Den heilage ande. Solidaritet og nestekjærleik.
Sorg og glede, godt og vondt. Bibel og bønn. Gudsteneste og nattverd. Sjølvbilete og menneskesyn. Miljø og rettferd.
I konfirmanttida skal vi ha tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.