Vi ser etter deg som vil vere med å utforme diakonitenesta i fjordbygdene våre, skape møteplassar mellom menneske for fellesskap og integrering. Kommuniserer godt med ungdom og kunne nytte pilegrimsleia og verdsarvområdet til aktivitetar og fellesskap på tvers av bygder, folk, etnisitet, alder og bakgrunn.
Storfjorden kyrkjelege fellesråd har si verksemd i to kommunar, Stranda og Fjord, med 6 sokn og 7 kyrkjer. Storfjorden på Sunnmøre er kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turisme og den kjende turistbygda Geiranger, ski- og alpinanlegg både i Stordal og Stranda, fjelløp, fotturar og fritidsaktivitar, produksjon av både kjøtt og fisk og møblar og tenester for alle. Området har både verdsarvstatus på Unescos liste og historisk pilegrimslei mot Nidaros. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd har tilsaman omlag 7000 innbyggjarar, om lag 10,5 årsverk fordelte på 18 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor ligg i Stranda.
Arbeidsoppgåver
Fokusområder for diakonen:
- Oppgåver som er nedfelt i tenesteordning for diakonar i Den norske kyrkje og etter diakoniplanen
- Aktivitetar og besøksteneste for eldre som bur heime og som bur på institusjonar
- Ungdomsdiakoni som kan dekkje både dei unge sine overgangar mellom skuletrinn, samt ha fokus på dei som slit med utanforskap, psykisk helse og rus.
- Integrering av utanlandsk arbeidskraft og flyktningar.
- Koordinering, oppfølging og rekruttering av frivillige medarbeidarar
- Aktivitetar som omfattar Valldalleia (pilegrimsleia) og Verdsarvområdet.
- Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester med diakonien i fokus, og andre aktuelle temaer.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som diakon
- Erfaring med frivillige medarbeidarar
- Erfaring med å bruke sosiale medier
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
- Diakonistudentar og andre med relevant utdanning eller yrkeserfaring oppfordrast også til å søke. Dersom studiekrav ennå ikkje er oppfylt kan det inngås avtale om ein progresjon for å gjennomføre utdanning etter kvalifikasjonskrav for diakonar med mål om vigsling.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- Er sjølvstendig og samtidig kan jobbe i team
- Har gode formidlings- og kommunikasjonsevner
- Er initiativrik og kontaktskapande
- Kan jobbe med inkludering av innvandra arbeidarar og flyktningar
- Villig å bygge nettverk på tvers av aldersgrupper og bygdelag
- Ønskjer å sjå og motivere andre
- Kan koordinere diakoniarbeidet og samarbeide med frivillige i fleire bygder
- Ønskjer å hjelpe dei unge i bygdene.
- Vil jobbe med prosjekter som utviklar diakonien i fellesrådet sitt område.
- Med fordel er glad i natur og friluft, og kan implementere bærekraftmåla i diakonien
- Vil nytte pilegrimsarbeid og opa kyrkje som verktøy
Vi tilbyr
- Prosjektstilling over 3 år med høve for fast tilsetting.
- Ein triveleg arbeidsplass med 18 engasjerte og dedikerte medarbeidarar, varierte arbeidsoppgåver og gode høve for utvikling
- Løn etter kvalifikasjonar og etter tariffavtale for Hovedorganisasjonen KA området, pensjonsordning i KLP
Andre ting:
- Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja
- Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting, jf. trussamfunnslova § 20 e
- Det må påreknast noko arbeid på kveldstid og helgar, samt helligdagar.
- Søkjar må beherske norsk muntleg og skriftleg
- Ha førarkort og disponere eigen bil
Søknadsfrist 20.08.2023
Kontaktinformasjon