I ettertid ser ein at fredingstida burde vere lik på alle gravplassane i fellesrådet. Difor har Storfjorden kyrkjelege fellesråd vedteke å endre § 5 om fredingstid, slik at alle gravplassane har lik fredingstid på 20 år. Sylte og Norddal gravplassar har hatt 25 år og 30 år frå gamalt av, men sidan det er stor gjenbruk av graver på desse gravplassane, så er jorda omvelta, og fagfolk ser ingen grunn til at fredingstida treng å vare lenger her.
Endring i lovteksta i § 5:
Ny tekst: § 5.Fredingstid
Fredingstid for kistegraver er 20 år for Ødegård og Jogardsbøen gravlund, for Sløgstad, Sunnylven, Geiranger, Liabygda, Stordal, Sylte og Norddal gravplassar.
Fredingstid for urnegraver er 20 år.
Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.
Etter Forvaltingslova § 37 skal forvaltningsorganet sørge for at saka er så godt opplyst som mogleg før forskrifta vedtakast.
Difor har Storfjorden kyrkjelege fellesråd vedteke å legge ut forslag til Endring av § 5 i høve fredingstid, til høyring for innbyggjarane i bygdene i Norddal sokn. Høyringa ligg på fellesrådet si nettside og kunngjerast gjennom annonse i lokalavisa Storfjordnytt.
Har du spørsmål til endringa i Forskrifta, så send det på epost til Storfjorden kyrkjelege fellesråd på e-post: post.storfjorden@kyrkja.no
innan 01.11.24.