Stillinga er ei deltidstilling på 10%.Du får høve til ein meiningsfull jobb og ekstra inntekt, og samtidig få arbeide saman med dyktige kollegaer og frivillige.
Kvalifikasjonar:
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Du må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne framlegge politiattest.
Arbeidsoppgaver
- Gjere kyrkja klar til gudstenesta etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
- Ansvar for praktisk tilrettelegging under gudstenester
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja
- Arbeidet utførast etter faste rutinar.
Vi tilbyr
- Spesiell og meiningsfull arbeidsplass
- Løn etter tariff
- Gode forsikringsordninger i Klp
- Opplæring
Søknadsfrist: 15.august
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stordal kyrkje er eigd av Stordal sokn, som saman med fem andre sokn tilhøyrer Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Fellesrådet sitt kontor ligg i Stranda, og har omlag 18 tilsette.
I Stordal kyrkje er Ann Kristin Langeland sokneprest. Soknerådet saman med fleire stiller på som frivillige, for at kyrkja skal vere ein god møteplass i bygda for alle aldersgrupper. I tillegg til gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, så vert kyrkja jamnleg brukt til konsertar, trusopplæring for born, konfirmantundervising og andre tilstellingar.