Kyrkjetenar gjer teneste søndagar og heilagdagar omlag anna kvar helg og i høgtider. Stillinga vert løna etter timeliste inntil 10 % stilling i Stranda kyrkje og 3 % i Liabygda kyrkje.
Vi søkjer etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb samtidig som litt ekstra inntekt.
Det vil vere høve til å dele jobben på fleire så intervallane for jobbhelgar vert færre.
Arbeidsoppgåver:
- Vere kyrkjetenar under gudstenester på søn-og helligdagar
- Gjere kyrkja klar til gudstenesta etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
- Arbeidet utførast etter faste rutinar.
Kvalifikasjonar:
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne framlegge politiattest.
Vi tilbyr:
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
- Spesiell og meiningsfull arbeidsplass
Kontaktperson:
Petra Riste Synnes, kyrkjeverje
Telefon:91519869
Epost:post.storfjorden@kyrkja.no
Om arbeidsgiveren
Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Hovedkontoret vårt ligg i Stranda. Vi er ein stab med omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet og vanlegvis 3 prestar. Og no treng vi personar som kan vere kyrkjetenarar under gudstenester i Stranda kyrkje og i Liabygda kyrkje. Håper det vil vere du!