Landskap, tonar og bilete i Geiranger kyrkje.

Ei unik forestilling med bilete frå området av dei to fantastiske fotokunstnarane Agnieszka Ostrowska og Maciek Jencz, sett saman med musikk med to av dei mest erfarne musikarane i kongeriket: Sigbjørn Apeland (orgel/harmonium) og Nils Økland (fele, hardingfele).

Landskap, tonar og bilete i Geiranger kyrkje.

Med sin heilt unike klang sameinar instrumentalist og komponist Nils Økland element frå klassisk musikk og moderne jazz med norsk folkemusikk. Han er ein etterspurd komponist og har mellom anna skrive musikk for Vossajazz, filmusikk, ballett- og teatermusikk, mellom anna for Nationaltheateret og DNS.

Nils Økland og Sigbjørn Apeland.

Sigbjørn Apeland er ein av få musikarar som har spesialisert seg på å spele harmonium (trøorgel) og er ein sjangeroverskridande musikar og komponist som bevegar seg mellom folkemusikk, kyrkjemusikk, elektronisk musikk og improvisasjon. Han har i ei årrekke samarbeidd med musikarar som Berit Opheim, Sondre Bratland og Sigrid Moldestad.

Agnieszka Ostrowska og Maciek Jencz er eit par konstant på jakt etter gode motiv. Dei er fødde i Polen, studerte i Tsjekkia, har eit selskap i Storbritannia og bur i Norge.

Agnieszka Ostrowska og Maciek Jencz.

 

Dei reiser mykje, og lyttar til andre kulturar. Stilen er ei blanding av kunstnarens romantiske ånd kombinert med eksakt fagleg perfeksjon. Dei er opptekne av dei lange linjene i motiva, og fangar lyset på ein unik måte i bileta sine. Framsyninga vert ei blanding av stillbilete og film, og Agnieszka og Maciek har vore rundt omkring i store delar av området vårt og fanga motiv, stemningar, linjer og lys. 

Konserten er eit samarbeid mellom Geiranger kyrkje, Geiranger lyskunstfestival og Festspela i Geiranger. Den unike kombinasjonen av vakre bilete og stemningar frå Storfjorden tonesett av to av landets fremste musikarar på sitt felt vert ei “ein gong i livet-oppleving”. 

Kyrkjekonsert laurdag 25.februar kl.18:00-18:45
Billettar i døra. Vaksne 200 kr, born 50 kr.

Arr: Geiranger kyrkje i samarbeid med Geiranger Lyskuntsfestival og Festspela i Geiranger.
Med støtte frå Stiftinga Mrs. Gertrude Mary Marsh-Looi og Sparebanken Møre.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"