Ledig 25 - 50 % stilling som kyrkjetenar

Det er ledig 25 - 50 % stilling som kyrkjetenar hovudsakleg i Stordal kyrkje, og i andre kyrkjer i Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område; Fjord og Stranda kommunar.

Det er ledig 25 - 50 % stilling som kyrkjetenar hovudsakleg i Stordal kyrkje, og i andre kyrkjer i Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område; Fjord og Stranda kommunar. Stillingsstorleiken tilpassa arbeidsoppgåver. Kan kombinerast med anna arbeid.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er velkomne til å søkje.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja.
  • Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
  • Vere brannvakt
  • Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
  • Arbeidet utførast etter faste rutinar. 

 

Kvalifikasjonar:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
  • Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, evne
  • til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide og å møte menneske i ulike livssituasjonar.
  • Må vere medlem i Den norske kyrkja og disponere eigen bil
  • Kunne framlegge politiattest.

 

Vi tilbyr:

  • Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve.
  • Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
  • Opplæring

 

Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt området er sokna runde Storfjorden på Sunnmøre, kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turistbygda Geiranger, Stordal og Stranda med sine ski- og alpinanlegg. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd vil frå nyttår 2020 bestå av 6 sokn med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10,5 årsverk fordelt på 14 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovedkontor vert i Stranda.

Søknadsfrist 4. desember. 

Kontaktinfo:

Magne Eivind Glomnes
Ass.kyrkjeverje/rådgjevar
40441528
 
Petra Riste Synnes
Kyrkjeverje
40441527
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"