Etter 20 år fell graven tilbake til gravferdsmynde. Dersom festeren (den som har ansvar for grava) ønsker å beholde grava kan grava bli festa for 5 nye år om gangen mot betaling. Feste kan fornyast til det har gått 50 år etter siste gravlegging i denne grava. Dette gjeld både for kistegraver og urnegraver.
Det er ikkje rett til fri grav dersom den avdøde blir lagt i ei festa (reservert) grav.
Det er ikkje rett til fri grav dersom avdøde ikkje hadde bustadsadresse i Ulstein kommune ved dødstidspunktet. Det er ikkje høve til å gravlegge i kiste dersom avdøde ikkje hadde bustadsadresse i Ulstein kommune ved dødstidspunktet, med mindre avdøde skal gravleggast i ein festa grav.
Det er høve til å setje ned urne på gravplassen i Ulstein til avdøde som ikkje hadde bustadsadresse i Ulstein kommune ved dødstidspunktet.
Ansvar for gravminnet
Gravminnet er det festeren som har ansvar for. Festeren plikter å sjå til at gravminnet står rett og er sikra slik det ikkje kan velte og utgjer fare for helse.
Personalet på gravplassen kan hjelpe til med å opprette eit gravminne eller fjerne det dersom det er ønskja.
Stelleavtale
Det er mogleg å inngå ei stelleavtale med Ulstein kyrkjelege fellsråd, der ein betaler eit årleg beløp for at grava blir stelt og satt ut planter og krans.
Namna minnelund
Det skal etablerast eit namna minnelund på gravplassene i Ulstein. Ved å bli gravlagd i namna minnelund kjøper festeren ein andel på eit felles gravminne og får montert ei plate med namn, fødselsdato og dødsdato til den avdøde på dette felles gravminnet. Festeren betaler også sin andel for at namna minnelund blirt stelt av personalet på gravplassene i Ulstein.
Betalingsregulativet for gravplassene i Ulstein er fastsett av Ulstein kommunestyre.
Betaling for kyrkjeleg gravferd
Dei pårørande står fritt til å velje gravferdsseremoni. Dei som er medlem i Den norske kyrkja vel som regel seremonien den lokale kyrkjelyden tilbyr i Ulstein kyrkje eller ved sjukeheimskapellet. For medlemar i Den norske kyrkja er den kyrkjelege gravferdsseremonien gratis.
Andre trus- og livssynssamfunn har sine ordningar for gravferdsseremoni.
Det er mogleg å velje ei kyrkjeleg gravferdsseremoni også for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja. Prisen for dette er også fastsett i betalingsregulativet. Her er det Ulstein sokneråd og Kirkerådet som fastsett prisene.