Høyringsfrist var 1. juni 2023
Ulstein kyrkjelege fellesråd har handsama høyringssvar og vedtatt vedtektene i sitt møte 14.06.2023.
Vedtektene er godkjent av Statsforvalteren I vestfold og Telemark 03.07.2023
Høyringsnotat Vedtekter for gravplassene i Ulstein kommune
Vedlegg:
- Høyringsforslag frå Ulstein kyrkjelege fellesråd, vedteken 07.04.2022 i sak F-2022/11
- Betalingsregulativ gravferdsforvaltning Ulstein kommune, vedteken 19.05.2022 i sak P45/22 i Ulstein kommunestyre
Ulstein sokneråd har ansvar for gravferdsforvaltning i Ulstein kommune. Osnes kyrkjegard er den einaste gravplassen i drift i kommunen. Vedtektene for gravplassen treng å bli revidert med jamne mellomrom. Statsforvalteren i Vestfold og Telemark sendte ut ein mal for reviderte gravplassvedtektene desember 2021. Desse skal tilpassast lokalt og bli godkjent av statsforvalteren til slutt.
Forslag for nye vedtekter har blitt lagt it til høyring med frist 1. juni 2023.
Ulstein kyrkjelege fellesråd har handsama høyringssvar og vedtatt vedtektene i sitt møte 14.06.2023.
Stastforvalteren i Vestfold og Telemark har godkjrent vedtektene 03.07.2023.
Med bakgrunn i at det er veldig lite ledig areal igjen på Osnes kyrkjegard har Ulstein kyrkjelege fellesråd fremja forslaget om å oppretta ein namna minnelund og legge betre til rette for urnegraver. Ulstein kommune har løyva midlar til dette gjennom budsjett og økonomiplan 2021-2024 og vedtatt satsar for gravlegging i namna minnelund.
I samband med etablering av namna minnelund og tilrettelegging for urnegraver treng også vedtektene å bli tilpassa. Med bakgrunn i kritisk mangel på areal for utviding / nyetablering av gravplass i Ulstein treng vedtektene også legge til rette for ein meir effektiv bruk av tilgjengelege graver.
Dette er nytt / endra i gravplassvedtektene:
- Bruk av namna minnelund og urnegraver er regulert.
- Festetid for graver er redusert, slik at graver kan bli gjenbrukt hyppigare.
- Det er ikkje lenger høve til kistegravlegging for avdøde ikkje busatt i Ulstein kommune. Det er høve til å setje ned urna av personar ikkje busatt i Ulstein kommune på gravplassen mot eit vederlag.
Ulsteinvik, 03.07.2023
Christfried Kaul, kyrkjeverje Ulstein kyrkjelege fellesråd