Sorgarbeid tek tid. Alle har behov for tid, omsorg og tålmod frå sine omgjevnader. Etter ein månad får alle i Ulstein ein henvendelse frå diakonen med tilbod om eit besøk. Prestane følger også opp i etterkant ved nokre høve dersom det er ønskeleg. På vinteren har vi tilbod om sorggrupper i Ulstein/Hareid. I løpet av 5 samlingar kan pårørande som ønskjer det dele erfaringar med sorgarbeidet, og finne kraft til å leve vidare etter eit tap.