Vi ynskjer alle som har barn opp til skulealder hjarteleg velkomen til Byggeklossen open barnehage kvar tysdag mellom kl 09-15. Vi held til på Fredheim i Ulsteinvik, like ved kyrkja.
Her kan du kose deg i lag med barnet ditt, leike, halde på med formingsaktivitetar, ete lunsj, babysong, og vere saman med andre familiar. Ein fin plass å vere for store og små.
Ta gjerne med lunsj - vi serverer kaffi og te
Hjarteleg velkomen alle saman!
Babysong, som også er del av kyrkja sitt trusopplæringsarbeid skjer kvar tysdag kl. 11:00 på Fredheim, i samarbeid med Byggeklossen open barnehage.