Kom på Fredheim 23.november kl. 20: og få med deg Birgitte Lerheim snakke om: " Eit kors og bere?" Luther og feministisk teologi.
Birgitte Lerheim er 1. amanuensis på teologisk fakultet. Sunnmøringen som kjem frå Langevåg har arbeidd med dette temaet no særskilt inn mot Lutheråret. Ho er ei dame med mykje kunnskap, med beina godt planta på jorda og med stort engasjement. Og kanskje får vi ei ny vinkling inn på reformasjonen denne kvelden?
Absolutt verd å få med seg, vi er heldige som har fått ho hit. Etterpå blir det høve til spørsmål. Som vanleg ber vi dei det høver for, om å ta med seg noko å dele til eit kveldsmåltid.