Med desse direkte overføringane ønskjer Ulstein kyrkje å gi flest mogleg personar høve til å følgje desse gudstenestene. Smittevernsreglane og ei alt for lita kyrkje legg strenge begrensningar for kor mange personar som kan vere i kyrkjerommet. I tillegg til å bruke digitale plattform arrangerer Ulstein kyrkje langt fleire gudstenester enn vanleg for å ønskje velkomen så mange som mogleg i Ulstein kyrkje.
Gudstenester på YouTube- kanalen til Ulstein kyrkje
I samband med konfirmasjonen kjem Ulstein kyrkje til å overføre begge samtalegudstenestene (30.08. kl. 11:00 og 14:00) og alle dei 8 konfirmasjonsgudstenestene (5., 6., 12., 13. september kl. 10:00 og 13:00) direkte på Youtube-kanalen til Ulstein kyrkje og på Facebooksida til Ulstein kyrkje.
