Torsdag 12 november kl.19 blir det ein tredje konsert i Ulstein kyrkje med 2 pianosonatar av Ludwig van Beethoven. Kantor Ståle Helvig spelar på det nye Steinway-pianoet i kyrkja, og vil også gje nokre glimt i Beethoven sitt liv, og snakke om den musikken han spelar. Repertoaret er Sonate Pathetique, opus 13, og den siste pianosonaten han skreiv: Opus 111.
Den første sonaten høyrer til standardrepertoaret til dei fleste pianistar, med ein langsam sats 2 som er svært kjent.
Den siste sonaten er musikalsk svært krevjande, med eit tonespråk som er langt forut for Beethoven si tid. Stikkord for denne sonaten: Mørke-lys-resignasjon. Sonaten blei til i 1822, då Beethoven var 100% døv.
Det er gratis entre, men høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikkarbeidet i Ulstein sokn
Vi har plass til 100 deltakarar, men vil du ha garntert plass meld deg på her under.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.