Jazz & Koral er no klar for konsert i Ulstein kyrkje, søndag 4. november, kl. 19.00. Jazz & Koral byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar og gospelinspirerte songar. Desse musikarane er med: Bjørnar Hovlid (piano), Ståle Helvig (kyrkjeorgel) Rune Ertesvåg (gitar), Bertil Tødenes (slagverk) og Jan Thormodsæter (bass). Ann Cesilie Skundberg er gruppa sin faste vokalist.
Konserten denne gongen er eit samarbeid med damekoret LYST. LYST er eit damekor med ca. 28 medlemar i alderen 20-50 år frå Volda og Ørsta. Konserten vil bli ei reise frå det sakrale til det mektige, frå det klassiske via folketonen til New Orleans, og vil gje rom for både glede og ettertanke.