Det starta i 1997 i rein dugnadsånd og høg sjølvmotiverande faktor: Profesjonelle og amatørar i ei salig, musisk blanding, der resultatet blei overveldande, og kyrkja sprengfull av folk. Ganske raskt måtte vi til med to konsertar, og begge konsertane har alltid vore utselde. Konseptet held fram på same måte, og har fått eit fantastisk godt rykte både i Ulstein kommune, nabokommunar og faktisk enda lenger. Julenattinèen i Ulstein er nesten blitt eit varemerke.
Dato og klokkeslett er alltid: 22 desember kl.19 og 22
For mange har den verste julestria da gitt seg, og julefreden er i ferd med å senka seg.
Vel møtt til ein seinkveld med nye og gamle tekstar og tonar, der hovudsaken er Ordet som blei menneske, fødd i ein stall i Betlehem.
Bilettsal:
https://www.sjoborg.no/kulturprogram/article1375251.ece