Gjengen bak førjulskonserten MOT JUL har lyst til å sette folk i høgtidsstemning med både klassiske og moderne julesongar, men også andre songar som alle har i seg ei djupne og eit håp. Ein vil få høyre mektige songar som "Oh, Holy night" og "How Great Thou Art", men også eigne tolkningar av «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus og «Stjernesludd» av Dumdum boys. Namnet på konserten er valgt fordi det ikkje er heilt jul midt i november, men det skadar ikkje å kome i stemning før adventstida og stresset set inn. Det vil bli stemningsfullt og vakkert, men også noko som kan vekke til ettertanke. Det blir litt førjulsstemning, men mest berre god stemning.
MOT JUL består av søstrene Tina og Merete Brandal som saman med Bjørn Holum står for det vokale. Sonen til Bjørn, Vegard Kvamme Holum er med på trompet og song.
I bandet finn vi:
Bjørnar Myhr - piano, Audun Skorgen - bass, Børre Dalhaug - trommer Torgrim Skjerdal har ansvaret for lyd.