Babysong er eit tilbod som er både knytt til Byggeklossen open barnehage og til kyrkja si trusopplæring. Både musikken, ulike klanginntrykk, rytmen, fargeinntrykk og fleire sanser er i bruk under babysong. Å kunne lære og praktisere noko enkel song for dei minste skapar tryggleik og stimulerer barna.
Vi er glade for å ha fått songpedagog Kari Aske Osnes til å ta på seg Babysong våren 2019.
Babysong finn stad kl. 12:00 - 12:45 på desse torsdagane:
21.02.
07.03.
21.03.
04.04.
25.04.
09.05.
23.05.
06.06.
(20.06.)
Ein treng ikkje å melde seg på, det er berre å kome til Fredheim. Det koster kr. 30,- per gong.
Byggeklossen open barnehage gir deg ei unik muligheit å bli kjent med andre foreldre før Babysong begynner. Så kom på Fredheim før Babysong byrjar eller bli litt etterpå. Byggeklossen open barnehage er open tysdagar og torsdagar kl. 10:00 - 14:00. Barnehagen er stengt i skuleferien.