Stig Ulv har under koronakrisa laga ny plate. Med massevis av kanselleringer måtte Ulven foreta seg noko,og det vart det ny musikk av.
På ein månad var plata klar og innspelinga vart gjort live med publikum i Ålesund. Plata har fått namnet Hjartevarme. Dei som set spor, varige spor, er dei som bryt ut og skapar noko nytt. Historiene om dei er mange. Dei gjer ein forskjel, difor set dei varige spor. Stig Ulv er ein av dei få som går sine eigne vegar. Lagar musikk som ikkje er laga før på ein måte som formidlar bodskapen hans.
Stig Ulv si forteljing. Det han fortel med gitaren sin er ein del av miljøet han har vakse opp i, krydra med det han har lært undervegs. Stig Ulv vert omtala som ein av landet sine beste instrumentalikarar. Han spelar ikkje på gitarar, men får dei til å snakke. På nynorsk, sjølvsagt!
På grunn av smittevernsreglane er det kunn 90 billetter som er til sals. Pris kr. 200
Bestill billett her