Konfirmasjon er ein av bygda sine årlege festdager. Mange stader er det ei merkedag med bunadar, samedraktar og ei «engleskare» av ungdommar som nokon timer klarer seg utan ball, mobiltelefon og PC. Det er fleire enn kamerater og venninner som blir ekstra stille når innbydinga blir konkret og nær: «kom no fram til Herrens altar, så vi kan be for kvar einskild av dykk i Jesu namn.
Sjølve konfirmasjonen er ei forbønshandling. Ordet «konfirmere» betyr «stadfesting». I Den norske kyrkje vektleggjas det at det er Gud som stadfester sin kjærleik og dei lovnadene gjeven ved dåpen.
Konfirmasjon er meir enn sjølve konfirmasjonsdagen med gudsteneste og fest. Konfirmasjonstida, som gjeng over dei to semestra kor ungdommane går i 9.klasse, er ein vesentleg del av konfirmasjonen. Dette er ei tid kor ungdommane får være del i et fellesskap kor dei saman kan undre og reflektere over den kristne tru og innehald.