Kva lærer ein i konfirmasjonstida?

Konfirmasjonstida skal gi ei oversikt over og eit møte med trua sitt innhald og dens praksisar. I tillegg er fellesskap ei viktig del av konfirmanttida. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv, i fellesskap med andre.

Kva lærer ein i konfirmasjonstida?

Konfirmanttida er eit år med mykjee gøy, og eit år der du kan ble betre kjend med deg sjølv og Gud. Mykje av undervisninga skjer på konfirmantleir. Gjennom leik, undervisning, aktivitetar, fellesskap, song, film og gudsteneste blir ein godt kjend med kvarandre, blir utfordra og kan få eit innsteg i dei kristne verdiane og praksisane. 

 

                          Konfleir

 

Konfirmasjonstida sitt innhald kan samlast under tre overskrifter som svarar til hovudtema frå Trusopplæringsplanen:

Livstolking og livsmestring

Konfirmasjonstida skal fremme opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmanten kan sjå seg sjølv og tolke sin verd som skapt, elska og heldt oppe ved Guds kjærleik.

Kyrkjas tru og tradisjon

Gjennom konfirmasjonstida skal konfirmanten lære å kjenne den treeinige Gud gjennom Bibelen som Guds ord, truvedkjenninga, sakramenta og andre sentrale uttrykk for kristen tro.

Kristen tru i praksis

Gjennom konfirmasjonstida skal konfirmanten arbeide med kva det vil seie å være elska av Gud, elske seg sjølv, sin neste og Gud. Dei skal lære å be, lese Bibelen, feire gudsteneste og vise nestekjærleik i praktisk solidaritet. Konfirmanten skal få uttrykke seg sjølv, sin tru og sin skaparevne.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"