Laurdag 30. desember kl 16:00 startar vi med registrering i kyrkja. Denne dagen skal vi bli kjende med kvarandre, ha kreative aktivitetar, utforske kyrkja, lage gudsteneste, lære LysVåken-songen, sjå film og kose oss med god mat, og til slutt sove i kyrkja.
Det er valfritt om barna vil sove i kyrkja eller heime natt til søndag. Hvis barnet har vanskar med å falle til ro ved overnatting i kyrkja tek vi kontakt etter ei stund slik at føresette kan hente barnet til ei god natt med søvn heime.
Søndag 01. desember et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta kl 11.00, som vi tek del i. Foreldre, søsken, familie og fadrar er som alltid hjarteleg velkomne til å kome på gudstenesta. Vi avslutter Adventsnatt i kyrkja med kaker på kyrkjekaffien (ferdig til kl 13.00).
For at Adventsnatt skal bli ei trygg og god oppleving for alle, treng vi hjelp frå nokre foreldre. Det gjeld litt kjøkkenhjelp, men spesielt vaksne nattevaktar i kyrkja (utan vaksne nattevaktar har vi ikkje lov til å overnatte i kyrkja). Foreldre kan melde interesse for desse oppgåvene i påmeldingsskjemaet.
Påmeldingsfrist 26. november.
Deltakaravgift er kr 150,- Dette hjelper oss å dekke noko av utgiftene til måltid, samt utgifter til materiell. Bruk Vipps 801600 velg Adventsnatt i kyrkja.
Oversikt over kva du treng å ta med deg, får du på e-post via foreldra dine når det nærmar seg.