Digital gudsteneste

Du er invitert til ei annleis julegudsteneste frå kyrkja i Nordhordland. I 45 minutt går vegen frå Solund i Nord, om Gulen, Austrheim, Fedje og Radøy mot Lindås, Knarvik og Meland i sør. Deretter set vi kursen mot Osterfjorden, Modalen og Masfjorden.

Digital gudsteneste
Salmesongen vil lyda med nokre av våre kjære julesalmar, og dyktige solistar og organistar vil løfta det musikalske. Bli med og syng jula inn! Inga jul utan julepreike. I år vil vi prøva å sjå jula med Maria sitt blikk. Lat deg utfordra... kva handlar jula eigentlig om?
 
I gudstenesta vil du mellom anna få møta Ann Christin Hoen, Bjarte Leithaug, Amelie Knieriem, fleire av prestane våre, og mange dyktige og flotte friviljuge barn og vaksne.
 
Vi ynskjer og håpar flest mogeleg vil få oppleva å ta del i våre vanlege gudstenester rundt om i kyrkjene våre. Får du ikkje høve til å ta del i år, så vil vi med denne digitale gudstenesta frå Nordhordland ynskja deg Guds fred. Vel møtt.
 
Du finn gudstenesta både på dei ulike kyrkjelydane sine heimesider, her og facebooksider. Du kan sjå den når det passar frå klokka 12.00 på julafta.
 
Produsent, regi og redigering: Per Børge Hillestad
Leiarteam: Håkon Kinsarvik, Trond Fykse og Per Børge Hillestad
På biletet: Emilie Lundal Gjerd.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"