Oppsummering frå årsmøtet

Årsmøtet for Meland kyrkjelyd vart avvikla søndag 23.april. Ei viktig sak på agendaen var kyrkje- og kulturbyggprosjektet.

Oppsummering frå årsmøtet

Årsmøtet samla omlag 55 deltakarar, som er ein auke frå tidlegare år. Etter ein enkel middag med betasuppe og hot-dog innleidde soknerådsleiar Regine Sagstad Berg møtet. Soknerådsrepresentant Andreas Westermoen hadde ein presentasjon av økonomiske realitetar og utfordringar. Frank Rune Dale, som sit i kyrkjeutvalet som planlegg ny kyrkje/kulturbygg på Frekhaug, fortalde om dei siste vendingane i saka det siste halve året - både vedtak i kommunestyret om planlegging i 2017, byggekostnader dei to neste åra, " moglegheitsstudiet" som er gjort og resultatet frå arbeidsgruppa nedsett av kommunen for å jobbe med utfordringane med topartssamarbeid i eitt bygg. Saka skal opp i formannskap og kommunestyre i slutten av mai og byrjinga av juni.  

Det kom ei sterk oppmoding om å framsnakke kyrkjebyggingsprosjektet. Det er av stor tyding at kyrkjelyden driv eit godt diakonalt arbeid for å få folk og kommune med på at dette bygget er viktig.

Nokon ønska seg meir detaljar frå rekneskapen i sakspapira. Responsen på det er at detaljrekneskapen vert lagt ut på nettsida etter møtet. Sjå nedanfor. Rekneskapen er ferdig revidert av Nordhordland revisjon. 

Ein respons var at det må bli tydelegare kva utdelingsrutinane skal vere i roseprosjektet. Folk tek i mot rosene med stor glede. 

Sokneprest Torbjørn Aamli la fram siste resultat på undersøkinga av sunnheita i kyrkjelyden (Naturlig menighetsutvikling). 

Det kom spørsmål frå salen om kva utmeldingar og innmeldingar som var i 2016. Desse tala hadde falle ut av årsmeldinga  ved ein forgløymelse fordi kyrkjekontoret ikkje lengre fører den statistikken sjølv. Det var 5 personar som meldte seg inn og 59 som meldte seg ut i 2016.  

Dette mangla også i årsmeldinga: Stine Karin Sæle vart i mai tilsett i 20% mellombels prosjektstilling som husgruppekoordinator Dette var feil: Ruben Sæle var ferdig utdanna diakon i  2015. 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"