1.klassingane kjem samla fram ganske tidleg i gudstenesta. Då skal vi be for dei og skulestarten, og dei får ei gåve frå kyrkjelyden. Etterpå er det Løvegjengen for alle borna, dette er søndagsskulen i kyrkja. For dei som er skuleborn er det bålsamling i gapahuken oppanfor kyrkja denne dagen. Då er det lurt å ha på klede ein kan vere ute å leike i.
Hjarteleg velkommen på ranselbøn!
Prest: Bjørn Tore Sæle.
Organist: Trond Fykse.
Kyrkjetenar: Junji Furukawa.