Skulestart er ein milepæl i livet. Meland kyrkjelyd inviterer 6 åringane til å komme i kyrkja, der vi vil be for skulegangen og tida som ligg framfor dei. Dei vil og få ei 6årsbok frå kyrkja. Gudstenesta dei blir invitert til er ei Løvegjeng-gudsteneste. Den er tilrettelagt for barn, og passar for heile familien.
Ranselbøn
Meland kyrkjelyd inviterer alle som skal byrje på skulen til å komme i kyrkja ein søndag rundt skulestart. Der ber vi for borna og tida som ligg framfor dei.
