Høge straumutgifter - sparetiltak ved kyrkjene

Du vil alltid få ein varm velkomst i kyrkjene våre, men på grunn av svært høge straumutgifter vert det litt lågare brukstemperatur ei tid framover.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Som alle andre, har kyrkja i Alver opplevd ei kraftig auke i straumutgiftene sine denne hausten. 

Det er allereie gjort tiltak i dei ulike sokna for å samla aktivitetar på færre dagar for å avgrense oppvarmingsbehov, og for å flytta aktivitetar ut av kyrkjene til kyrkjelydshus o.l. Nattlys er slått av og øydelagde omnar og termostat er blitt reparert. Fleire kyrkjer har den siste tida fått montert varmestyring som også kan redusere straumforbruket.

Desse tiltaka åleine er diverre ikkje nok, og fellesrådet har no gjort følgjande vedtak:

  • Vi skal søke Alver kommune om ekstra straumtilskot.
  • Vi vil redusera brukstemperaturen i kyrkjene til 19C.

Fellesrådet forstår at einskilde kan oppleve 19 gradar som for kaldt, men trur alternativet på sikt er verre. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"