Årsmelding 2024

Aurland kyrkjestyre

Årsmelding 2024
Her kan du lese årsmeldinga:
Aurland kyrkjestyre Årsmelding 2023
Godkjend av Aurland kyrkjestyre 12. februar 2024
Råd og utval
Aurland kyrkjestyre:
Aurland kyrkjestyre har i 2023 hatt 7 møter og handsama 22 saker.
Rådsstruktur
Ordninga med forenkla rådsstruktur er godkjend som fast ordning frå 01. november 2023. Sokneutvala i kvart av dei 4 sokna består av alle som stod på lista til valet.
Medlemmar i kyrkjestyret 2023 fram til valet:
Frå Vangen sokn: Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (nestleiar)og Sissel Aadnøy Aalen Vara: Sølvi Karlsen Høydal og Irene Borlaug Stegen
Frå Flåm sokn: Faste: Gerd Stave og Inger Lise Skjerlie Vara: Jorunn Heggdal og Anne Sønni Flæthe
Frå Undredal sokn: Faste: Leif Inge Underdal (leiar) og Gunhild Strand Borlaug Vara: Trude Ragnhild Høiby og Inger Oline Øy
Frå Nærøy sokn: Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun Vara: Norun Anny Larsen og Per Ramsøy
Kommunal representant: Fast: Trygve Skjerdal Vara: David Underdal
Geistleg representant: Sokneprest Anna Elisabet Gestsdottir (til aug. 2022)
Vara: Prost Geir Paulsen
Sekretær for kyrkjestyret: Kyrkjeverje Monica Finden
Medlemmar i kyrkjestyret 2023 etter valet:
Frå Vangen sokn: Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (leiar)og Guttorm T. Brekke Vara: Liv Jorunn Vestreim og Elin Renée Aaserud
Frå Flåm sokn: Faste: Inger Lise Skjerlie og Gerd Stave (nestleiar) Vara: Thorvald Andresen og Jorunn Heggdal
Frå Undredal sokn: Faste: Gunhild Strand Borlaug og Judit Torgersen Vara: Inger Oline Øy og Jofrid Roteigen
Frå Nærøy sokn: Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun Vara: Per Ramsøy og Torunn Bakken
Kommunal representant: Fast: Kjell Bøe Bjørgum Vara: Johannes Dalsbotten
Geistleg representant: Då me ikkje har hatt sokneprest, so har prost Kjell Olav Høstaker Nordheim vore fast medlem.
Sekretær for kyrkjestyret: Kyrkjeverje Monica Finden
Det er ein fin balanse mellom kvinner og menn blant dei faste medlemmane i kyrkjestyret.
Sokneutvala:
Det viktigaste arbeidet for sokneutvala i 2023 var å få nok namn på listene til kyrkjevalet som var 11. september. Alle sokna klarte å få 5-6 namn på lista, og valet vart vel gjennomført. Sokneutvala har hatt nokre møter i 2023 der dei, i tillegg til arbeid med valet, har gått gjennom aktuelle saker for si kyrkje, sett opp kyrkjevertar til gudstenestene m.v.. Vangen og Flåm sokn har konstituert seg etter valet. Medlemmane i sokneutvala har alle stader stilt velvillig opp i samband med kyrkjekaffi, som kyrkjevertar, på dugnader og i andre samanhengar.
Tilsette
Staben under kyrkjestyret:
Det er ein stabil stab under kyrkjestyret, og det har vore minimalt med sjukefråvær i 2023.
Frå hausten 2022 har Elin Mbogo-Svensson vore tilsett som kyrkjelydsarbeidar/trusopplærar på timebasis (etter eige val), og i 2023 har ho jobba tilsvarande ca. 7% stilling.
Inger Marie Holm Hjellum har vore kyrkjetenar i Vangen og Flåm kyrkje i tillegg til sekretær med tilsaman 30 % stilling frå 31.07.14 og fekk utvida med reinhald i 2016 og kyrkjetenar i Undredal i april 2019, slik at ho no har til saman 48% stilling.
Monica Finden har vore kyrkjeverje sidan 01.01.08 i 80 % stilling, men auka opp til fast 100 % frå 18.08.14 då sekretærstillinga vart redusert med 30%.
Liv Marit Tufte har vore kyrkjetenar på Bakka i 7 % stilling sidan pinsen i 1996.
Tormod Underdal vore tilsynshavarar i Undredal kyrkje sidan september 2020.
Stanislav Leontev har vore fast organist sidan 08.08.08 i 80 % stilling i månadane frå mars til og med mai, og frå oktober til og med desember. I hans fråver har me vore heldige å fått Sverre Martin Volle til å vikariere i dei fleste gudstenester, gravferder og vigslar, og me har hatt nokre andre vikarar.
Anders Aasen har velvillig stilt opp på andakter/sangstunder på helsetunet både med og utan prest og Stanislav, og er løna med pensjonistløn for det.
Prestetenesta:
Det har ikkje vore fast prest i Aurland i 2023, so det har vore 9 forskjellige vikarar som har teke prestetenesta i Aurland, med Nora Baartvedt og Terje Eklund som dei som har hatt flest tenester.
Gunnar Eldevik (sokneprest i Lærdal) hatt ansvar for konfirmantopplæringa.
Geir Paulsen har vore prost i Sogn prosti til sommaren 2023 og Kjell Olav Høstaker Nordheim vart tilsett som prost då Geir vart pensjonist.
Forvaltninga
Økonomi og investeringar:
Den kommunale overføringa for 2023 var kr. 2.732.000 til drift.
I 2023 mottok me kr. 140.121 i støtte frå kyrkjerådet/bispedømet til trusopplæringa, og det er motteke kr. 8.580 frå KFUK/KFUM i frifondsmidlar. Frifondsmidlane betingar at konfirmantane vert melde inn i KFUK/KFUM.
Rekneskapen viser eit mindreforbruk på kr. 176.042,15.
I 2023 har aktivitetane normalisert seg att etter koronaåra med begrensingar. Me ser likevel at det tek tid å få opp att oppslutninga både om trusopplæringsaktivitetane og gudstenestene.
Dei største differansane i forhold til budsjett er:
På kyrkjeleg administrasjon (funk 4100) går funksjonen samla sett i balanse. Lønskostnader med kr. 40.000 er overført frå funk. 4100 til funk. 4410 for å få eit rettare kostnadsbilete då kyrkjeverja har utført ein del trusopplæringsoppgåver som trusopplærar ikkje har teke, i tillegg til at sekretær tek utsending av dåpshelsingar. Dermed er lønskostnader her ca. 22.000 mindre enn budsjettert. Godtgjersle til valvakter er utgiftsført med kr. 35.600, samt at det er ein del andre utgifter i samband med valet. Me har óg fått kr. 70.654,98 i tilskot til gjennomføring av valet. Renteinntektene som påverkar resultatet er kr. 11.823 høgare enn budsjettert. Renteinntektene av fondsmidlar er kr. 21.245 høgare enn budsjettert, men det påverkar ikkje resultatet då dei vert sett på fond.
På kyrkjer felles (funk 4200) er det samla sett ca. 25.000 i meirforbruk. Differansen er kytt til lønskostnader, arb.g. avg., pensjonsinnskot m.v. for organist.
På Vangen kyrkje (funk 4210) er det samla sett ca. 36.000 i mindreforbruk. Dei største differansane er auka pensjonsinnskot på 6.000, 7.000 mindre i straumforbruk, 13.000 mindre på vedlikehold bygg, 9.000 mindre på alarmsystem og 9.000 i husleigeinntekter.
For Flåm kyrkje (funk 4220) er det mindreforbruk på ca 161.000, og dette knyter seg i hovudsak til at budsjettert vedlikehold av taket ikkje er gjennomført i 2023, medan det er større utgifter til anlegg (asfaltering, lyskastarar og styringseining på alarm) enn budsjettert.
For Undredal kyrkje (funk 4230) går det samla sett nokolunde i balanse.
For Bakka kyrkje (funk 4240) er det samla sett 15.000 i meirforbruk. Dette knyter seg i hovudsak til auka straumutgifter og vedlikehold utstyr (orgel og gamal messehakel)
For kyrkjegardar felles (funk 4300) er det samla sett ca. 10.000 i mindreforbruk. Her er alt som vedrører kyrkjegardane ført samla.
For trusopplæringa (funk 4410-4415+4440) er det samla nokolunde i balanse. Her er det overført 40.000 i lønskostnader frå administrasjon til trusopplæring då det er kyrkjeverja som har teke store deler av aktivitetane som ikkje trusopplærar har teke, samt at sekretær har hatt utsending av dåpshelsingar.
For Smevang (funk 4450) er det nokolunde i balanse.
Sjå ellers fullstendig rekneskap og oversikt over gåvefonda.
Kyrkjegardsforvaltninga:
Skjerdal Landskapspleie utfører alt av vedlikehald og graving på kyrkjegardane i Aurland kommune. Dei har utført jobben på ein god måte og samarbeidet har vore godt. Me får mange gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane på arbeidet dei utfører. Avtalen med Skjerdal Landskapspleie gjeld for 2023/2024.
Vangen kyrkjegard fekk status som middelalderkyrkjegard etter funna som vart gjort i samband med dreneringsarbeidet. Dei eldste funna er datert til år 120-248.
Det har vore 12 gravferder i 2023, mot 19 gravferder og 1 bisetjing i 2022.
Det vart gjennomført dugnader på alle kyrkjegardane i vår.
Kyrkjegardsregisteret ligg ute på nettsida, slik at alle som ynskjer det, kan finne fram til gravplassar i kommunen. Det ligg óg link til «Slekt og data» der ein kan finne bilete av gravminne.
Vedtektene for kyrkjegardane vart sist revidert i 2014.
Det aller meste av gravminne er fotografert i 2014-2016 og sende til DIS-Norge. Dei har lagt dette ut på nettet, og ligg ope for alle til å søke på. Dette ser ut til å bli fortløpande oppdatert av DIS-Norge.
Kyrkjebygga:
Kyrkjebygga våre er generelt i god stand.
Vangen kyrkje (1202, freda) har fått sprekkdannelsane reparert i 2021/2022. Dreneringsarbeidet er fullført hausten 2022, og varevindauga på glasmåleria er skifta ut. Kommunen betalte ut kr. 400.000 til desse reparasjonane i 2021, og me fekk kr. 500.000 frå RA i 2022.
Flåm kyrkje (1670, verna) hadde eit stort vedlikehold saman med reparasjonane etter flaumen i 2014. Då vart ho bl.a. heva ca. 35 cm., og arbeidet var ferdig i 2016. Klokketårnet har fått 1 strøk med tjøre i 2023, men skal ha 1 strøk til. Taket var tenkt bytt i 2023, men er utsett og tenkt teke i 2024.
Undredal kyrkje (1147, freda stavkyrkje) vart sett i stand gjennom Stavkyrkjeprogrammet i 2014 for vel 5 mill. Då vart ho bl.a. heva ca. 30 cm.. Heile rapporten kan lesast på https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421086. Det er i 2021 montert videoovervaking av kyrkja. Kostnaden på vél 1 mill vart dekka Riksantikvaren. I 2022 vart stakittgjerdet og deler av kyrkja måla.
Bakka kyrkje (1859, listeført) vart i 2019 måla inne i våpenhuset, i 2014 vart ho måla utvendig og skifta noko kledning, noko av kledningen og stakittgjerdet vart måla i 2021, og i 2023 vart ho på nytt måla utvendig. Det står att litt arbeid på vannbord/vindskier på eine sida av sakristiet. Her bør ein vurdere å måle taket i skipet (inne) då det flassar ein del.
Aktivitetar:
I 2023 har aktivitetane vore tilbake på nivå som var før koronaen.
I 2023 var det 44 gudstenester totalt i kommunen, mot 43 i 2022, med til saman 1.693 deltakarar (1.884 i 2022).
Det var 18 (11) barnedåpar (7 av dei busette i andre kommunar), 10 (15) konfirmantar, 6 (6) vigslar og 12 (19) gravferder i Aurland i 2023. (Tala for 2022 i parantes.) Sjå elles vedlagde statistikk.
Anders Aasen, samt presten og/eller organisten har hatt jamnlege andakter og musikksamlingar på Aurland Helsetun.
Opplev Undredal AS har hatt drifting av guidetilbodet i Undredal kyrkje i 2023.
Kyrkjevalet 2023 hadde god oppslutnad samanlikna med kyrkjevalet i resten av landet, og sokna hadde ein oppslutnad på 13% for Vangen sokn, 37% for Flåm sokn, 40% for Undredal sokn og 52% for Nærøy sokn. Det var berre 2 av 8 folkevalde representantar i kyrkjestyret som var bytt ut. Dette gir óg ei stabil valgt leiing i kyrkja i Aurland.
69,7% (1.250) av innbyggjarane i Aurland er medlemmar i Dnk. Dette er ein nedgang i forhold til tidlegare. Mykje av forklaring er at Aurland er ein internasjonal kommune der ein del personar har flytta hit frå andre land dei siste åra. Iflg. SSB er det 333 personar (ca 18,6% av innbyggjarane) frå andre land. Dei er naturleg nok ikkje medlemmar i Dnk. Men me skal óg vere obs på at det er nokre utmeldingar kvart år. I 2023 har det vore 9 utmeldingar og 1 innmelding.
Nye steg – trusopplæringa
Frå 01.01.2018 var samarbeidet om trusopplæring med Lærdal avslutta.
I 2023 har aktivitetane teke seg opp att, men det er framleis enkelte aktivitetar me ikkje har pga. at trusopplærar ikkje har hatt moglegheit til å jobbe so mykje i stillinga. Både sommarleiren på Nesholmen, Lys Vaken og frivilligfest har vore gjennomført i 2023. Tårnagent vart ikkje gjennomført i 2023 då det krasja med håndballturnering. Me har óg bl.a. hatt julevandring for 1. og 2. klasse, adventssamlingar for skular og barnehagar, og 4- og 6-årssamling.
På skulestartsgudsteneste 20. august var det 8 spente 1.klassingar som deltok. 1.klassingane gjekk, saman med presten og konfirmantane som skulle presenterast, på raud løpar inn i gudstenesta og dei fekk utdelt 6-årsboka.
Me har ikkje gjennomført Vandring Gjennom Bibelen i 2022 (eit tilbod til 5. klasse på skulen i skuletida), då det berre er godkjende personar med gjennomført kurs som kan undervise i dette, og me har ikkje leigd inn nokon dette året.
Kor Blå (barnekoret vårt) var ikkje i aktivitet i 2023, men trusopplæraren har hatt babysangsamlingar både på våren og hausten. Dette tilbodet er godt motteke, og kan gi godt grunnlag å bygge videre på.
Det er sendt ut dåpshelsingar til alle døypte til 1-, 2-, 3- og 5-års dåpsdag. Dei får då tilsendt bok tilpassa alder. Inger Marie har ansvar for dette tiltaket. I tillegg er det delt ut 4-årsbok og 6-årsbok i gudstenester.
Gunnar Eldevik hadde ansvar for konfirmantane i vårhalvåret og Nora Baartvedt har hatt ansvar for konfirmantane i hausthalvåret. Konfirmasjonsgudstenestene vart gjennomført i mai slik det brukar å vere. Vinterfestival på Voss, vart gjennomført i februar. Elles har dei hatt vanlege konfirmantsamlingar delvis i Smevang og delvis i kyrkja. Me har som mål at alle våre konfirmantar skal ha vore med som medhjelparar i alle våre kyrkjer i løpet av si konfirmanttid. Dette har fungert bra, og me trur at det er positivt for dei å kjenne til alle dei 4 flotte kyrkjene våre. Resultatet er óg at mange foreldre og syskjen får sjå alle kyrkjene våre.
Frivilligfesten, der alle frivillige som har bidrege inn i kyrkja sitt arbeid var invitert, vart gjennomført 1. desember, og vél 50 deltok. I år hadde me ein litt anna vri på det enn tidlegare, då me hadde enkel mat (betasuppe laga av kyrkjeverja) i stadenfor koldtbord, men til gjengjeld fekk alle frivillige billett til konsert med «Julesong 2023» i Vangen kyrkje same kveld. Dette vart godt motteke.
Kyrkja har vore aktiv med å legge ut bilete og informasjon frå arrangement på Facebook-sida vår. Slik får me raskt ut informasjon om våre aktivitetar. Oppfordrar alle som er på FB til å like sida vår «Kyrkja i Aurland». I tillegg er vår eiga nettside på kyrkja.no/aurland i aktiv bruk. Det er Inger Marie som i hovudsak har jobba med denne, og der vil det ligge både generell informasjon og informasjon om enkeltaktivitetar.
2023 er året me kan sjå tilbake på som eit år der ting i hovudsak har kome tilbake til «normalen» etter koronaen. Me ser at det tek tid å få opp att tal deltakarar, men med god jobbing framover frå tilsette, kyrkjestyre, sokneutvala og andre, so skal me igjen få god aktivitet i kyrkjene våre.
Vedlegg:
1. Detaljert rekneskap for 2023
2. Årsstatistikk for Den Norske Kyrkja 2023
Aurland 12. februar 2024
_________________________________ ______________________
Sigrid Sønnerheim Tønnessen Monica Finden
Leiar
Se innsikt og annonser
Alle reaksjoner:
1
 
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"