Gravplassvedtekter

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I AUSTRHEIM KOMMUNE.

FORSKRIFT OM GRAVPLASSVEDTEKTER, AUSTRHEIM KOMMUNE, VESTLAND.

 

Vedteke av Austrheim kyrkjelege fellesråd 30.10.2024 med heimel i lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 8, § 14 og § 21, og forskrift til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a.  

Godkjend av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 14.11.2024, jamfør lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21.

 

§ 1 FORVALTNING

Gravplassane i Austrheim kommune er underlagt Austrheim kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons og myndigheitsområde.

 

§ 2 DEFINISJONAR

Gravplassmyndigheit: Austrheim kyrkjelege fellesråd utøver forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Austrheim kommune, jamfør gravplasslova med forskrifter.

Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person med bustadadresse i kommunen og der det ikkje skal betalast festeavgift for fredingstida.

Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift.

Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.

Urnegrav: Grav til askeurne med plass til 4 urner, jamfør gravplassforskrifta § 14. 

Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava i prinsippet kan bli tatt i bruk igjen til ny gravlegging. 

Festetid:  Tida det er avtalt å festa ei grav for.

Ansvarleg for grav:  Den som er ansvarleg for ei fri grav.

Festar: Den som står som part i ein festeavtale/som har skrive under på eit festeansvar.

 

§ 3 FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE

Hovudregelen er at besøkande skal ferdast gåande (jamfør gravplassforskrifta § 9).  

 

§ 4 GRAVPLASSTILHØYRING

Personar som ved dødsfallet hadde bupel i kommunen kan gravleggjast på den gravplassen i kommunen dei eller den som syter for gravferda ønskjer.  Dei har rett til fri grav så sant grava blir tilvist.  Avdøydde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.   

Avdøydde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen.  Det kan då krevjast dekning av kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav. 

 

§ 5 FREDINGSTID

Fredingstida for kistegraver er 20 år

Fredingstida for urnegraver er 20 år.

Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver, når det ligg føre særskilte grunnar for dette.   

 

§ 6 FESTE AV GRAV  

Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å festa ei grav ved sida av. I særskilte høve, og etter skriftleg søknad til gravplassmyndigheita, er det høve til å festa ei grav til, altså tilsaman 3 graver. Desse gravene utgjer då éin gravstad. Ei slik dobbeltgrav (som kan væra tre graver) vert då sett på som ein gravstad og det skal berre stå eitt gravminne på gravstaden. 

Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 10 år.

Når fredingstida er over, kan grava eller gravstaden festast for 5 år om gongen. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan særskilt søknad til gravplassmyndigheita og berre for 5 år av gongen.  

Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen. I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Festar pliktar å melde adresseendring.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan bli gravlagt i festa grav utan festaren sitt samtykke. Dersom det ikkje er råd å henta inn samtykke frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjerd om gravlegging.

 

§ 7 GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav kan jordmassar mellombels plasserast på omkring-liggjande graver, og gravminner kan bli flytta. Desse skal tilbakeførast i same stand som før.

Grava vil bli planert og tilsådd ei tid etter gravlegginga. Om blomar og kransar ikkje vert fjerna av pårørande, vert desse fjerna etter ei tid av gravplassmyndigheita sine tilsette.

Montering av gravminne kan tidlegast skje 4 mnd. etter gravlegging av kiste og umiddelbart ved urnegrav. Men gravminne må likevel ikkje setjast opp i månader der det er tele i jorda. Gravminnet vert plassert i bakkant av grava. Er det festa dobbelgrav vert gravminnet sentrert mellom gravene ved neste gravlegging.                                                                                               

Oppsetjing av gravminne skal utførast av personar som har godkjenning til å utføra dette arbeidet (sjå §12).

 

§ 8 PLANTEFELT OG PLANTEMATERIALE

Forutan gravminne er det høve til å opparbeide plantefelt i høgd med bakken framom gravminnet. Plantefeltet må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vera opp til 60 cm breitt. 

Det er høve til å leggje ned kantstein/planteplate, plata må ikkje vere samanhengande med sokkelen.

Lause gravlykter skal fjernast i slåttesesongen, vasar og lykter må ikkje plasserast bak gravminnet eller utanfor plantefelt.

§ 9 STELL AV GRAV

Gravfestar eller ansvarshavande for gravminnet har rett og plikt til å stella den grava han har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert beplanta av den ansvarlege eller festaren, kan tilsåast.

Plantane i plantefeltet må ikkje vera så høge at dei skuggar for andre gravminne, dekkar namnet på steinen, går utover plantefeltet eller hindrar arbeidet på gravplassen.  

Ansvarleg for grav eller festar kan gjera avtale med den som har løyve til det, gitt av kyrkjeleg fellesråd etter § 13, kan utføra planting og stell av grav (samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet).  Ein slik avtale fritek ikkje den  ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.

 

§ 10 NAMNA MINNELUND

Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke. 

Graver i namna minnelund kan bli festa etter fredingstidas utløp på lik linje med andre graver på gravplassen. Det vil likevel ikkje vere høve til å gravleggja på nytt i grava.

 

I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed. Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir tatt i bruk. Ved feste av grav attmed i namna minnelund vil ikkje gravene nødvendigvis kome attmed kvarandre, men namneplatene.

Avgift for bruk av namna minnelund blir betalt frå det tidspunktet grava blir tatt i bruk.

 

Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggjast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.

 

§ 11 BÅREROM

Bårerom vert disponert av kyrkjeleg fellesråd og skal berre nyttast til oppbevaring av døde fram til gravferda.  Ingen har tilgang her utan etter løyve.  Liksyning kan berre finna stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette 

 

§ 12 NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivane som ynskjer å driva næringsverksemd på gravplassane på Austrheim skal innhenta godkjenning frå gravplassmyndigheita. Godkjenninga kan trekkjast attende dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei lover og reglar som gjeld.  Næringsverksemda kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne, planting og stell av graver.

Tilsette kan ikkje driva eiga næringsverksemd på gravplassane.

 

§ 13  ARBEID PÅ GRAVPLASSANE

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje innanfor normalarbeidstid (07-17), og må ikkje utførast på søn- og heilagdagar, eller på offentlege høgtidsdagar.

 

§ 14  BROT PÅ VEDTEKTENE

Dersom vedtektene ikkje vert følgde, kan gravplassmyndigheita setja i verk naudsynte tiltak for ansvarleg/festar si rekning.  I den grad det er mogeleg skal festar varslast i forkant av tiltak.  Dette følgjer av gravplasslova § 17.

 

§ 15 DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

Gravplassmyndigheita kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravplasslova og gjeldande forskrifter dispensera frå vedtektene i §§ 3, 11 og 12.

 

§ 16 FORBOD MOT GJENBRUK AV KISTEGRAVER PÅ DELAR AV GRAVPLASSANE

Med heimel i gravplassforskrifta § 5, har følgjande delar av gravplassane forbod mot gjenbruk i form av kistegraver:  For Austrheim gravplass gjeld dette alle graver i felt 2, 3 og 4.  For Leirvåg gravplass gjeld dette del av felt 1, med alle gravene i rekke 5 – 12.

 

§ 17. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER

Forskrifta tek til å gjelda 30 dagar frå kunngjering i Norsk Lovtidend. Frå den same tida blir gravplassvedtektene vedtatt 25.10 2018 for gravplassane i Austrheim kommune, Vestland, oppheva.

 

Vedtatt i Austrheim sokneråd 30.10.2024

Godkjent av Statsforvaltaren  14.11.2024

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"