FredagsOpe 15.nov kl. 19.00

Ein kveld der ein vil å ta opp livsnære tema i ei litt uformell ramme. Denne første gongen vil prest Rune Minde dele refleksjonar og opplevingar frå sine 14 år som fengselsprest i Bergen Fengsel. Det vil og bli god musikk og song denne kvelden, m.a. har Kjell Bergsvik lova å ta turen heimom frå Askøy med saksofonen sin. Kvelden blir avslutta med eit enkelt kveldsmåltid bak i kyrkja.

FredagsOpe 15.nov kl. 19.00

Mange som må vera årevis bak murane går gjennom djupe prosessar i eige liv, og hjå fengselspresten er det ei trygg ramme for å ta opp både om det livet som har vore og tankar og draumar for framtida. Ein del nyttar seg og av tiltak som fins i fengselet for å reorientera livet sitt. Rune Minde vil mellom anna dela sterke historiar og erfaringar frå 2 pilegrimsvandringar til Nidarosdomen med innsette.

Kyrkjelyden ynskjer vel møtt til å starta helga med ein lun kveld i kyrkja

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"