- et møte med Steinar Aas
Tekst: Arnfinn Bergrabb
Under Rønvikdagen holdt historiker, Steinar Aas et foredrag om bydelen vår: Rønvika – bygda som vart en del av byen. Det viste seg å være et svært populært tema som trakk et stort publikum. Vi tok en kort prat med Steinar etter foredraget.
Tusen takk for ditt flotte foredrag her i kirka i dag. Du har jo snakket mye om historien i bydelen og i Rønvikmiljøet. Hvilken funksjon eller rolle tenker du at Rønvik kirke fyller i bydelen vår?
- For ein som voks opp på Einmoen i tida mellom 1966 og 1985 var den rolla som forløparen til kirka, bedehuset i Rønvik, ein viktig kulturinstitusjon. Her hadde vi vårt første møte med søndagsskolen der Irene og Thoralf Brennsund regjerte. Her fekk vi vårt første møte med kristne songar og liturgi, og her fekk vi høre om dei magiske forteljingane frå bibelhistoria som var med på å forme oss som menneske. Ikkje minst fekk vi demonstrerte flanellografen. At kirka vart realisert og kom til etterkvart var eigentleg berre rett og rimeleg. den sterke veksten som kom i Rønvika med alt folket her, gjorde jo at Bodin-kirka var alt for lita for den store og folkerike Bodin menigheit. At menigheita i dag er fordelt i fire ulike kirker fortel jo sitt. Etter det eg såg under mitt møte med Rønvikdagen spelar kirka i Rønvik akkurat den rolla ein tenker seg at den skal spele. At ho er eit treffpunkt og kulturhus i nærmiljøet, med aktivitetar for gamal og ung, i leik og alvor.
Du var også innom ungdomsklubben «Rønna» på 1970- og 1980-tallet. Hvordan vil du beskrive miljøet der og hvorfor tror du at såpass mange vanket der hver torsdag?
- Rønna var jo den einaste fritidsklubben vi unge hadde i Rønvik på den tida. Det var hit vi søkte for å ha ein stad å vere. Det skjedde masse aktivitet der som gjorde at mange fann det ok å vere der og å dra dit trass i at den konfesjonsmessige sida ikkje alltid var hovudsaka. Det var også med på å skape Rønvik-identitet, at dette var noka som vi gjorde saman i denne delen av byen.
Du beskrev Rønvika som en bygd som ble en del av byen. I dag er det ikke mange fysiske spor igjen av bygda, men hvor kan vi eventuelt finne de i dag?
- Ved inngangen til 1970 var det definitivt over for dei som dreiv jordbruk i Rønvik, og dei hadde vore mange. Sjølv passerte vi stadig forbi fjøsbygninga til Hans Berg på Einmoen, rett overfor Bedehuset og nedfor brua til Vollen. Nordlandsmuseet dokumenterte bygget før det vart rive og i dag står Einmoveien 31 på tomta. Før Flatvollen studenhjem vart bygd stod jo Flatvollen gar der med våningshus og fjøsbygning som eit teikn på den bygda som hadde vore der. Då studentheimen kom opp vart den borte. Innimellom ser du alltids ei fjøsbygning og eit gamalt gardstun, som på vestsida bak Rønvik kirke (Lagårdvegen 100), i Torsbakken eller på Lillevollen. Men du må kikke ekstra godt etter for å oppdage dei gamle bygga som stod der.
Med det takker vi Steinar for praten og håper at vi får høre han igjen i kirka flere gange