Gudsteneste
Høle kyrkjelyd samlast til gudsteneste annakvar søndag. Gudstenesta inneheld bibellesing og preike, salmesong og bøn. Oftast er det òg nattverd. Alle er velkomne til gudsteneste, ein treng ikkje vera medlem i Den norske kyrkja for å delta. I løpet av hausten og vinteren er om lag halvparten av gudstenestene i Høle kyrkje lagt til rette for at born skal kunne delta og skjøna det som går føre seg.