Gravferd i Etnedal

Kyrkjekontoret i hovuddsak ved kyrkjeverje, legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte. Mange vel å engasjere eit gravferdsbyrå for å organisere gravferda, dei hjelper då til med planlegging og gjennomføring av gravferda. Dei gjer då og dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret. Det er og fullt muleg å gjere det meste av planlegging og gjennomføring av gravferda sjølv.

Tidspunkt for gravferda
Gravlegging skal skje seinast 10 verkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert. Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syter for gravferda eller med gravferdsbyrå.

Rett til å syte for gravferda
Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdslova fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Dersom det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.

Grav
Alle innbyggjarar i Etnedal kommune har rett til fri gravlegging og fri grav. Ein kan velje fritt kva kyrkjegard i kommunen ein ønskjer gravlegginga. Ved gravlegging, er det og høve til å reservere grav attmed, t.d. til attlevande ektefelle. Den reserverte grava vert då ei betalingsgrav. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan setjast ned i freda grav.

Utanbygds gravlegging
Personar som ikkje var busett i kommunen kan og gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgift dersom ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.


Avgifter pr. 2016:

Gravferd (der vedkommende ikkje er busatt i Etnedal)
For gravferd med seremoni i kyrkje i Etnedal    kr. 4000,-
For urnenedsetting                                             kr.   800,-
For kistenedsetting uten seremoni i Etnedal      kr. 2500,-

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 22, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00 - 15.00 (tysdag, onsdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjekontoret: 611 21 320

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  911 23 183 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"